Usamd i nei til homofile og sambuarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Usamd i nei til homofile

Det seier leiar i Ørsta sokneråd, Magnar Hjertenæs.

Les saka i Møre-Nytt!

Etter at Møre-Nytt tysdag i papirutgåva og i nettavisa fortalde om utlysingsteksten etter ny sokneprest i Ørsta, har debatten rasa på sosiale medium.

Framtida.no skreiv om Susanne Myklebust Egset, som melder seg ut av kyrkja i protest.

Møre bispedømmeråd, som er ansvarleg for utlysinga, gjer det klart at dei ikkje ynskjer å tilsetje ein homofil prest, eller ein prest som lever i sambuarskap.

LES OGSÅ:Tilset ikkje homofil prest

Sjølv om Hjertenæs skulle ynskje at også sambuande og homofile kan søkje stillinga, er han ikkje overraska over utlysinga.

– Nei, for saka si kjerne er at bispedømmerådet meiner det er rett det dei gjer. Dei gjer ikkje noko formelt feil. Fleirtalet i bispedømmerådet har det synet som kjem fram, og bispedømmerådet sine medlemmer er valde gjennom lovlege val, forklarar Hjertenæs.

Endringar

Dei siste åra har kyrkja gjennomgått store endringar, og fått eit mykje sterkare sjølvstyre. Der det tidlegare var Kongen i statsråd som tilsette prestar og biskopar, er dette no bispedømmeråda sitt ansvar.

– Kyrkja har vorte demokratisk, og då er det viktig at så mange som mogleg deltek i kyrkjevala, både på bispedømmeråd og på sokneråd. Ved kyrkjevala til no har det vore ei dårleg valdeltaking. Det store fleirtalet i kyrkja brukar ikkje røysteretten sin, seier Hjertenæs.

Han håper og trur at valet på nytt bispedømmeråd til komande haust vil engasjere meir enn tidlegare val.

– Då vert det i alle fall to lister. Det vert den «vanlege», der det er bispedømmerådet som kjem med sine kandidatar. Men i tillegg vil Open folkekyrkje stille med ei eiga liste. Vi skal ha nominasjonsmøte i Ålesund seinare i desember. Dei personane som står på denne lista vil vere tilhengjarar av ei meir open kyrkje. Då tenkjer eg ikkje berre på homofilisaka, men også generelt ei meir vid og inkluderande kyrkje, spesielt på den demokratiske sida, seier Hjertenæs.

LES OGSÅ:Kyrkjeleg førjulsdiskriminering

Han kallar det eit demokratisk problem for kyrkja at ikkje fleire deltek i kyrkjevala.

– Då skal vi ikkje melde oss ut dersom vi er usamde med det som skjer i kyrkja, men engasjere oss og delta i vala, og røyste på dei kandidatane som vil ha endring. Det handlar om å organisere, nytte røysteretten og påverke gjennom dei kanalane ein har tilgang på, seier Hjertenæs.

Han understrekar at dette også gjeld soknerådsval. Der er det også dårleg valdeltaking, til liks med deltakinga på valet av medlemmer til bispedømmeråda.

– I folkekyrkja er vi nok samde om det meste, som trusopplæring og diakoni. Men på nokre område ser vi føre oss andre retningar, og då medlemmene delta, seier Hjertenæs.

Vil engasjere

Han trur at debatten som har kome om tilsetjinga av ny sokneprest i Ørsta den siste veka vil medverke til at engasjementet aukar.

– Eg håper i alle fall det, og at det engasjementet skjer innanfor kyrkja. Eg ynskjer at folk som er i kyrkja skal engasjere seg, og gje uttrykk for det. Det er den einaste måten eit demokratisk samfunn kan fungere på, seier Hjertenæs.

Han har vore leiar i Ørsta sokneråd i tre år, og som han seier sjølv. I nokre saker har han tilhøyrt mindretalet.

– Som leiar må eg uansett fronte fleirtalet. Det er som regel ikkje noko problem så lenge prosessen fram mot eit vedtak har vore legitim.

LES OGSÅ:Melder seg ut av kyrkja i protest