Kyrkjeleg førjulsdiskriminering

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette blogginnlegget handlar ikkje om fag, foto, flyplassliv eller fjas, men eg kan kome på nokre andre ord på f som passar.

Under den nøkterne, ukritiske tittelen «søkjer etter ny sokneprest» delte lokalavisa i Ørsta, Møre-Nytt, i går nyheita om at bygda sin komande prest må vere god til å forkynne, utfordre og sjelesørge – og ja, han må vere heterofil ikkje-sambuar.

LES OGSÅ: Tilset ikkje homofil prest

Eg har lenge planlagt å melde meg ut av den norske kyrkja, og det er av mange grunnar. Grunnen til at eg ikkje har gjort det enno er fordi denne middelalderske institusjonen ikkje har teke i bruk Internett enno, slik som trass alt høver seg for ein organisasjon som hyllar fordums tids liv og lære. Eg skyr konvoluttar og hatar smaken av frimerker, og kombinert med latskap utgjer det årsaka til at eg framleis er medlem.

LES OGSÅ: Melder seg ut av kyrkja i protest

Seksualitet + arbeidsliv = ikkje relevant
Hovudgrunnen til at eg vil melde meg ut er at eg ikkje er religiøs, derfor er kyrkja ikkje relevant for meg i det heile. Tvert om let eg meg lett provosere av kyrkja og forkynnarar. Eg let meg derimot ikkje overraske – det er trass alt kyrkja vi snakkar om. Eit religiøst samfunn som baserer mange av sine rare oppfatningar av korleis ting er og bør vere utfrå soger og forteljingar frå ein liten stad i midtausten og ei hauggamal bok. Det gir ikkje meining for meg. Men eg skal ikkje gå inn på alt eg syns er feil med religion. Har ikkje tid.

Men vi er i 2014, og kyrkja som institusjon, samlingsplass og arbeidsgjevar treng motstand mot sine eldgamle oppfatningar av kva slags reglar for sex og samliv som skal ha innverknad på jobbmuligheiter og tilgang til felleskap og eventuelle himlar.

Seksualitet og samlivsform er faktorar hos eit menneske som er relevant i heilt andre arbeidsformer enn i kyrkja, og eg er møkk lei av å lese om religiøse samfunn som er fikserte på kva folk har i buksa, kva dei gjer på soverommet, med kven dei gjer det og om dei gjer det før eller etter dei har signert eit dokument.

LES OGSÅ: – Kyrkja var nok meir tidsriktig før

Kvifor har eg ikkje meldt meg ut før?
Eg er medlem av kyrkja fordi eg som umedvite spedbarn blei fødd og døypt inn i det på grunn av tradisjon og mine foreldres gode intensjonar. Og fordi eg som 15-åring lot økonomien i å la seg konfirmere vege sterkare enn prinsippa mine. Når ein forvirra, fattig fjortiss får ultimatumet «kristeleg konfirmasjon og 20 000 kroner i lomma – eller ingenting» måtte til og med prinsippa til ein sint, opposisjonell og oppfarande emofjortiss vike til fordel for pengane.

Jepp, eg var ein sint, opposisjonell og oppfarande emofjortiss.

LES OGSÅ: Feminist, ja visst!

Men mitt kritiske tankegods starta ikkje der. Eg hugsar rundt matbordet i lunsjen på barneskulen. Vi lærte å skulle takke Gud for maten vår med å synge denne lille bønefrasen:

“Å du som metter liten fugl, velsign vår mat å Gud, aaaaamen”.

Eg hugsar eg reagerte tidleg på dette. Kvifor matar liksom Gud fuglar og ikkje alle dei som svelt i verda? Det lille hovudet mitt leitte etter ei logisk slutning, men fann ikkje den, og eg konstruerte min eigen lille versjon som eg ropte ut av full hals til dei som ville høyre (ikkje læraren):

“Å du som metter barna i Afrika, åååååååneeeei”. Susanne (cirka 10 år) 

LES OGSÅ: Her er årets verste bistandsvideo

Eg syns det er viktig å understreke at eg har respekt for dei som syns kyrkja er viktig, som har havna i den situasjonen at dei set pris på det kyrkja kan tilby dei. Mange tyr til religion i vanskelege situasjonar, fordi den ofte byr på trøstande svar på vanskelege spørsmål. Ulogiske – men trøstande. Kyrkja er ikkje relevant for meg, men eg erkjenner at den er det for veldig mange andre.

Eg har respekt for dei som er spirituelle vesen, dei som brukar kyrkja til sjelesørging, for dei som treng kyrkja for å oppleve samhald og for dei som måtte gå dit for å få synge litt på søndagar. Kyrkja står jo der, den er stor og kvit og lett å få auge på, og så har den (ikkje alltid og overalt, men i praksis mange stader, som i Ørsta) monopol på å vere involvert i viktige livsfasar som fødsel, død og ekteskap. Det er av respekt for dei som føler dei treng ei kyrkje at eg seier frå, fordi nokre av desse tilhøyrar kanskje den gruppa av menneske som kyrkja aktivt ekskluderer. Blant dei fins det kanskje mange av dei som treng kyrkja mest.

LES OGSÅ: Vil kutte ut vigsling i kyrkja

Kyrkja har makt, og makt treng motstand, elles blir den misbrukt. Ikkje berre har kyrkja makt til å velje kva seksualitet og samlivsform dei ønskjer hos sine eigne prestar, (for ikkje lenge sidan var også det kvinnelege kjønn eit problem – kva om ingen hadde gjort motstand mot det?) men dei har definisjonsmakt på kva som er greitt å tenke, føle og meine hos skummelt mange – både oppegåande og ukritiske – tilhengjarar.

Eg er imot at kyrkja, som preikar om fred og kjærleik og inkludering med den eine tunga, skal få lov til å velge og vrake blant folkegrupper dei vil diskriminere med den andre. Dobbeltmoralen og hykleriet er ikkje til å utstå. Derfor seier eg frå. Derfor melder eg meg ut. Det er min måte å vise motstand på. No må eg berre skaffe frimerke og konvolutt.

Utmeldingsskjema finn du her. 

LES OGSÅ: «Homo-liste» i alle bispedøme

Innlegget vart først publisert på bloggen til Susanne Egset, Susmumrik.