Melder seg ut av kyrkja i protest

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Melder seg ut i protest

Då Susanne Myklebust Egset såg ei sak i lokalavisa Møre-Nytt om stillingsannonsa for ny sokneprest i Ørsta, var det dråpen som fekk begeret til å renne over.

Møre bisperåd spesifiserte nemleg at dei ynskjer ein kandidat som ikkje lever i sambuarskap, homofilt partnarskap eller likekjønna ekteskap. Det fekk Egset til å skrive ut utmeldingsskjemaet.

LES OGSÅ: KrFU imot homofile ekteskap

Lov å diskriminere i religiøse tilsettingar
Ifølgje Likestillings- og diskrimineringsombodet har kyrkja lov til å diskriminere i sine tilsettingar om det er religiøst grunna. Dette gjeld berre i stillingar som har ein religiøs funksjon.

Når Framtida ringjer Susanne Myklebust Egset sit ho med skjemaet framføre seg.

– Eg har forventningar til at når ein lyser ut ei stilling, anten det er kyrkja eller ein annan arbeidsgjevar, skal ein ikkje diskriminere på bakgrunn av seksualitet eller sambuarskap. Eg er likevel ikkje overraska. Det er trass alt kyrkja det er snakk om, forklarar 25-åringen.

LES OGSÅ: Tilset ikkje homofil prest

Betent fokus
Sjølv er ho ingen ivrig kyrkjegjengar, men ho har respekt for at institusjonen spelar ei viktig rolle for mange.

– Det er nettopp av respekt for desse at eg reagerer. Eg tykkjer ikkje det er rett å støtte ein organisasjon, som støter folk frå seg. Kanskje støter dei frå seg dei som absolutt ikkje treng å verte meir utstøtt, seier Egset, og legg til:

– Dei kunne bedd om relevante kunnskapar og eigenskapar, i staden vel dei å fokusera på det mest betente temaet.

Det finst ikkje noko yrkesforbod mot homofile prestar i Den norske kyrkja, og det er fleire bispedømme som har tilsett homofile prestar.

LES OGSÅ: Melder seg ut av Presteforeningen i protest

Vil ikkje tilsette homofile
Ifølgje Alice Elnes, personalsjef i Møre Bispedøme, var formuleringa i stillingsannonsa ein glipp.

Dei står likevel fast på at med heimel i Arbeidsmiljølova §13.4.2 blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagt.

– Me har ikkje noko forbod mot homofile, aller er velkomne til å søka. Men slik Bispedømmerådet er samansett i dag trur eg ikkje dei ville tilsett nokon i homofilt partnarskap eller likekjønna ekteskap. Kort fortalt er kyrkja si teologiske grunngjeving for dette at ekteskapet er for mann og kvinne, sa Elnes til Framtida.no i går.

Personalsjefen reknar med dette vil bli eit tema under valet av nytt sokneråd og bispedømeråd til hausten.

LES OGSÅ: «Homo-liste» i alle bispedøme

Oppmodar fleire til å protestere
Tidlegare i år fekk kyrkja over 2.500 utmeldingsskjema i løpet av 20 dagar etter at kyrkjemøtet sa nei til homofil vigsel. Dette er ei åttedobling av det normale utmeldingstalet, ifølgje kristenavisa Vårt Land.

No er altså Susanne Myklebust Egset blant dei som tek seg bryet med å melde seg ut av kyrkja via post, sidan epost ikkje er ein moglegheit.

Ho er opprørt over diskrimineringa frå kyrkja og oppmodar fleire som er imot praksisen til å melda seg ut.

«Denne jula feirar eg fridom, menneskeverd, solsnu og årsslutt med sprudlevatn, god mat, familie, sambuar (!) og eit ferdig utfylt utmeldingsskjema til Ørsta Kyrkjekontor,» skriv ho i Facebook-meldinga som annonserer at ho ikkje lenger er medlem i statskyrkja.