SV og FrP foreslår flest forbod

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gjera dette lovleg

Alt i alt er det fremja stortingsforslag om innføring av 698 forbod og påbod i tiårsperioden 2001-2011. Litt fleire enn halvparten, 57 prosent, av forslaga vart vedteke. Det viser eit fersk notat frå den liberale tankesmia Civita.

Sosialistisk Venstreparti har i snitt gått inn for 20,5 forbod eller påbod i året, medan Framstegspartiet får andreplassen blant partia, med 13 forslag i året. Venstre er partiet med færrast forslag om påbod og forbod i kongeriket Noreg.

Bondevik II-regjeringa gjekk inn for 26 nye forbod og påbod kvart år, medan Stoltenberg-regjeringa gjekk inn for 44 nye påbod eller forbod.

LES OGSÅ: Ynskjer forbod mot reklame for brus og is

– For forbodskåte
– SV er ofte for forbodskåte, seier SU-leiar Andreas Halse.

Han legg til at det er ofte er gode grunnar til at det er innført forbod og påbod.

– Dei fleste vil vera samde i at samfunnet blir betre ved at det er forbod mot å køyra i fylla, og at det er reglar mot sosial dumping, utdjupar Andreas Halse.

Han vedgår at Sosialistisk ungdom har vedtatt lite om kva forbod dei er i mot.

– Men du kan godt skriva at eg er open for å mjuka opp for snøscooter i utmark, fjerna forbud mot ikkje-kommersiell poker, forbodet mot drikking på offentleg stad, seier han.

SU-leiaren legg til at han synest det er paradoksalt at nokre av dei som er mest mot forbod, likevel er blant dei mest ihuga forkjemparane for EU-medlemskap.

– Det er ingen andre organisasjonar som innfører så mykje påbod og forbod som EU – anten det er snakk om krumming av agurkar eller datalagringsdirektivet, påpeikar Halse.

LES OGSÅ: Fryktar forbod mot saft-reklame

Vil fjerna fleire forbod
Leiaren i Unge Venstre, som blei kåra til årets europear av Europeisk Ungdom i fjor,  skapte mykje merksemd i sommar med lista over 21 ting som han vil tillata. Mellom anna vil ha slutt på forbod mot aktiv dødshjelp, vin i butikk, poker og happy hour. Og sidan den gong har han òg blitt for å kutta ut forbodet Noreg har mot segway.

– Det var eit av fleire merkelege forbod som kom opp etter debatten i sommar, fortel Sveinung Rotevatn.

Han tilbakeviser samstundes at det er noko paradoksalt å vera for EU og mot forbod, og undrar seg i staden over at SU er komfortable med å ta i mot påbod og forbod utan å ha stemmerett i EU.

– EU er eit forvaltningsnivå som kjem med både gode og dårlege forslag til forbod. Viss eg hadde vore ein del av EU-parlamentet, så ville eg vore ei tydeleg stemme mot mange av forboda og påboda. Samstundes som dei har innført påbod og forbod og påbod her, har dei òg bidratt til at Noreg har kvitta seg med ein del forbod, til dømes forbod mot Redbull og rusbrus, legg han til.

LES OGSÅ: Seier ja til fyrverkeri-forbod

Fleire påbod for innvandrarar
Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn er glad for at Venstre er det minst forbodskåte partiet.

– Framstegspartiet er det vanskeleg å få tak på. Eg er samd med dei om å tillata proff-boksing, til dømes, men dei har ei veldig autoritær tilnærming til innvandring.

– Me ønskjer minst mogleg innblanding og restriksjonar på den personlege fridomen. Samstundes går me inn for ein del restriksjonar når det gjeld innvandring, seier Himanshu Gulati, leiar i Framstegspartiets Ungdom (FpU) til Framtida.no. Slik forklarar han kvifor partiet er blant dei som ivrar for fleire forbod og påbod.

Framstegspartiet var samstundes det einaste partiet som var mot innføring av røykelova.

LES OGSÅ: Vil forby høg musikk

– Vanskelegare å fjerna forbod
FpU-leiaren understrekar at Framstegspartiet samstundes er det som har foreslått å kutta ut flest forbod.

FrP har i snitt foreslått å fjerna 22 forbod eller påbod i året. På sisteplass er Arbeidarpartiet som berre har føreslått fjerninga av påbod og forbod to gonger i året.

Totalt er foreslått å fjerna påbod og forbod mellom 2001 og 2011. Berre 71 forslag vart vedteke.

Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn kunne gjerne tenkja seg at Venstre gjekk inn for å fjerna fleire forbod.

– Ein ser at forbod som er innført kan bli forferdeleg vanskeleg å fjerna.  Sexkjøpsforbodet er til dømes eit forbod som det vil vera vanskeleg å fjerna. Forsøk på å fjerna dette vil bli framstilt som om ein er for kjøp og sal av sex, seier Rotevatn.

Kva forbod kunne du tenkja deg å bli kvitt? Og kva forbod meiner du me burde innføra her til lands?

Faktaboks

Forslag om å innføra forbud/påbud:
SV: 20,5 forslag i snitt pr år
FrP: 13 forslag i snitt pr år
Sp: 11,5 forslag i snitt pr år
Ap: 9,5 forslag i snitt pr år
Høgre: 8 forslag i snitt pr år
KrF: 7 forslag i snitt pr år
Venstre: 4 forslag i snitt pr år 

Forslag om å fjerna forbud/påbud:
FrP: 22 forslag i snitt pr år
Høgre: 15 forslag i snitt pr år
Venstre: 10 forslag i snitt pr år
KrF.: 10 forslag i snitt pr år
Sp: 4 forslag i snitt pr år
SV: 3 forslag i snitt pr år
Ap: 2 forslag i snitt pr år

Kjelde: Civita