Seier ja til fyrverkeriforbod

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To av tre seier ja til forbod

I 2008 vart det innført forbod mot privat oppskyting av rakettar med styrepinne for å hindre skadar og brannar. I ei undersøking som nyleg er gjennomført av KLP seier nær 65 prosent av dei spurte at dei støttar rakettforbodet.

I ei tilsvarande undersøking gjort for fire år sidan, var det 56 prosent av dei spurte som støtta forbodet.

– Det at støtta aukar i folket kan tyde på at fleire innser at fyrverkeri kan føre til alvorlege skadar på både menneske og materielle verdiar, seier avdelingsleiar Lars Wiig i KLP Skadeforsikring i ei pressemelding.

Dei fleste kommunane i landet har eit generelt forbod mot bruk av fyrverkeri, men gir dispensasjon mellom klokka 18 og 02 nyttårsaftan. Det er opp til kvar kommune å bestemme bruken, men i tettbygde strok, nær tørr skog eller andre brannfarlege omgivnader må brannsjefen gi løyve. (©NPK)

Kva meiner du? Er det på tide med eit forbod mot fyrverkeri på nyttårskvelden?