Vil forby for høg musikk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innan 2020 er det venta at ein av fire i Noreg vil vera hørselshemma, ifølgje NRK. Stadig fleire unge opplever å få svekkja hørsel, etter å ha høyrt på høg musikk anten gjennom øyrepluggar eller på diskotek eller konsertar.

No ønskjer Norsk forening mot støy å innføra lovforbod mot for høg lyd.

Ifølgje Arbeidsmiljølova er det ikkje lov med høgare lyd enn 85 desibel (dB) i løpet av ein gjennomsnittleg arbeidsdag, og 130 dB ved kortvarig lyd. Men det finst ikkje reglar mot kor høg lyden kan vera i ein kinosal eller på ein utestad.

– Dersom me får dette juridisk bindande, er det lettare å kontrollera at arrangørane held seg innan grenseverdien, seier Pål Jensen, rådgjevar i Norsk forening mot støy til NRK.

Helsedirektoratet er skeptisk til eit forbod mot høg lyd, og meiner det viktigaste er informasjon.

Kva meiner du? Er det trong for ei eiga lov for lydnivået på konsertar og i kinosalen?

Faktaboks

Slik unngår du hørselsplager etter konsertar med høg lyd:

1. Ta pausar!
2. Ikkje stå heilt inntil høgttalaren
3. Lytt til kroppen! Har du susing eller annen lyd i øyro etter ein konsert bør du sørgja for å unngå støy i nokre dagar slik at øyro får restituert seg.
4. Moderat alkoholinntak

Les meir om høg musikk og støy her!