Slik skal det pendlast mindre

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Energikonkurransen «Energi for framtiden» har dei siste blitt arrangert av Ungt entreprenørskap. I ei pressemelding skriv dei at elevane frå Kristen vidaregåande skule vann på heimebane med sine planar for å redusera pendletrafikken.

LES OGSÅ: Leiarskuggane

– Satsa alt
Konkurransen handla om å finna gode, grøne løysingar for transport i storbyar. Vinnarlaget, som består av Edvard Kunzendorf, Tonje Romundstad, Magnus Mo, Prince Kala og Natalie Horghagen, la fokuset sitt på dei som pendla til og frå jobb, og gjekk heilt til topps.

– Me satsa alt og hadde ingenting å tapa. Då er det veldig godt med siger, seier Prince Kala.

LES OGSÅ: Her er årets studentbedrift

Skilte seg ut
Audhild Kvam er direktør for Energibruk i Enova, og delte ut prisen. Det var Enova som ga oppdraget for konkurransen.

– Det var ein veldig god vinnar som skilte seg ut blant dei andre finalistane. Forslaget deira utmerkar seg ved at mykje av det kan gjennomførast. Dei brukar kjende teknologiske løysingar for å få ned utsleppa frå pendlartransporten til Trondheim, sa Kvam.

Det blir bekrefta i grunngjevinga til juryen, som gir gruppa skryt for konkrete løysingar som er nyskapande og kan gjennomførast.

– Juryen likar at ein kan tena pengar på å vera smart, vart det lagt til.

LES OGSÅ: Laga framtidas skule

Pendlarbygg
Det største kuttet i forslaget til vinnargruppa, ligg i å bygga nye kontorlokale i område med mange pendlarar.

– Ny kommunikasjonsteknologi gjer det mogleg for mange å sleppa å vera fysisk til stades på arbeidsplassen. Dette opnar for ei unik moglegheit for det me har valt å kalla pendlarbygg, skriv gruppa i sitt løysingsforslag.

Eit pendlarbygg er rett og slett eit kontorlokale nærare der pendlarane bur, i staden for å samla alle dei tilsette i store bygg med lange avstandar til heimen – eit kompromiss mellom pendling og heimekontor. Gruppa peikar på DnB, som har 50 tilsette i Trondheim Sør.

– At desse har sin daglegdagse arbeidsplass på pendlarbygget i nærmiljøet vil gjera at dei kan sykla eller gå til arbeidsplassen, skriv gruppa i forslaget sitt.

Andre løysingar gruppa har foreslått er å satsa på samkøyring, eller eit omvendt bomsystem for dei som syklar – der du vanlegvis ville betalt for å passera med bil, får du heller pengar for å bruka sykkelen.

LES OGSÅ: Kan norske hyblar løysa amerikansk krise?

24 timar
14 elevar, fordelt på 69 lag, var med på konkurransen – dette var lag som hadde kvalifisert seg til den nasjonale finalen. Då konkurransen starta fekk dei 24 timar på seg til å finna gode løysingar som var realistiske, nyskapande, framtidsretta og kreative.

Anne Kathrine Slungård, administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap, håpar konkurransen er inspirerande.

– Me ønskjer å løfta fram kombinasjonen realfag og entreprenørskap. Dette er ein sikker vinnar i arbeids- og næringslivet for framtida. Me håpar elevane blir inspirerte av å jobba kreativt med realfag, og at dei vil vurdera ein slik fagkombinasjon når dei skal velja utdanning vidare, seier Slungård.

LES OGSÅ: Kan drita i å snakka meir om togradersmålet