Laga framtidas skule

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag vart det hemmelege oppdraget i konkurransen Energi for framtida avslørt for deltakarane på nasjonal Gründercamp: På under 24 timar skulle dei planleggje framtidas energieffektive skule.

LES OGSÅ: Meir til entreprenørskap i skulen

Ein skule på Heimdal
I løpet av hausten har nesten 3 500 elevar frå vidaregåande skular over heile landet delteke på lokale gründercampar, der dei har løyst ulike oppdrag knytt til energi og klima.

Vinnarane frå kvart fylke er dei som denne veka vart samla i teknologibyen Trondheim på nasjonal Gründercamp, arrangert av Ungt Entreprenørskap og Enova.

Oppgåva er i høgste grad knytt opp mot verkelegheita.

Det var fylkesordførar i Sør-Trøndelag Tore O. Sandvik (Ap), som fekk æra av å presentere utfordringa:

«Sør-Trøndelag fylkeskommune skal byggje eit energi- og klimaeffektivt skulebygg på Heimdal i Trondheim. Enova ynskjer at skulebygget skal vere eit nasjonalt signalbygg og sette standarden for korleis skulebygg skal utformast i resten av landet dei neste ti åra.»

Dette skulle dei 119 mest nytenkjande vidaregåandeelevane i Noreg konkurrere om å løyse på ein best mogleg måte.

LES OGSÅ: Meir entreprenørskap med nye valgfag

Lærar på gråten
Elevane frå Kongshavn vann framfor Lillestrøm vidaregåande på andreplass og Heggen vidaregåande frå Harstad på tredje.

– Dette er veldig gøy. Me må takka læraren vår som er heilt på gråten no. Dette er eit veldig bra opplegg. Det har vore heilt fantastisk alt samen, sa Kristoffer Hamre Renaas, då dei fekk den gjeve prisen.

Dommarane var på jakt etter realistiske, nyskapande og framtidsretta idear, som kunne imponere ein jury av energiekspertar. Det fekk dei av dei fem vinnarelevane, som går på studieførebuande linje med realfag og entreprenørskap.

Intenst arbeid
I grunngjevinga si legg dommarane vekt på at vinnarane laga ei heilskapleg løysing og hadde ein god og engasjerande presentasjon.

«Løysingane er innovative og er moglege å gjennomføra. Det er ei god kopling mellom teknologi og bruken», heiter det vidare i grunngjevinga.

I vinnarforslaget var det både innovative tekniske løysningar, kreativ materialbruk og framtidsretta arkitektur.

Kristin Andrea Sjøsted forklarar sigeren med fleire faktorar:

– Vår idé skilde seg ut frå dei andre. Me har òg samarbeidd veldig godt og har arbeidd intenst. Så trur eg det var lurt å nytta god tid på å tolke oppgåva.

Engasjerande læring
I tillegg til ein sjekk på 2000 kroner har vinnarane fått med seg mykje kunnskap om samarbeid og energieffektivisering.

Administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Norge, Anne Kathrine Slungård, vonar deltakarane har fått smaken på realfag og entreprenørskap.

– Dette er ei læringsform som engasjerer elevane. Dei får nytta realfaga på eit reelt oppdrag som fordrar at dei oppdaterer seg på det siste innan energiteknologi. Me håpar elevene oppdagar at kombinasjonen realfag og entreprenørskap er spanande og gøy, seier Slungård i ei pressemelding.