– Kan drita i å snakka meir om togradersmålet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Togradersmålet er blåst

–  Me har blitt einige om ein ny, ambisøs klimapolitikk, annonserte statsminister Erna Solberg (H) på dagens pressekonferansen, der regjeringa la fram dei nye norske klimamåla fram mot 2030.

Regjeringspartia har fått med seg støttepartia KrF og Venstre i avgjerda om å kutte minst 40 prosent av klimautsleppa etter 1990-nivå innan 2030.

Klimamåla har blitt møtt med blanda kjensler.

– Med dette ambisjonsnivået kan me drita i å snakka meir om togradersmålet. Det er blåst, seier Lage Nøst, talsperson for Grøn Ungdom.

LES OGSÅ: – Regjeringa har to oljeministrar

Blide Bellona
Miljøvernorganisasjonen Bellona er nøgd med at Noreg legg seg på same ambisjonsnivå som EU i klimapolitikken.

– I dag melder Noreg seg i praksis inn i EU for å vere ein del av EUs klima- og miljøkamp. No kan ikkje Noreg lenger gøyme seg bak dårlege klimakvotekjøp i utviklingsland for å sminke norsk klimapolitikk, seier Bellona-leiar Frederic Hauge i ei pressemelding.

Han meiner måla er fornuftige.

– Dette forpliktar norsk politikk i mange år framover, og det knyter oss opp mot våre næraste handelspartnarar, seier Hauge.

LES OGSÅ: – Noreg kan bli klimasinke

Ueinige om ambisjonsnivå
Under pressekonferansen understrekar klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) at 2015 vert eit avgjerande år for klima.

– Om me skal nå målet om å ikkje overstige ei temperaturauke på to grader celsius i 2100 må alle land med. Alle må heva ambisjonane. Om me lukkast med dette i Paris vert det ein stor siger, seier Sundtoft, som peikar på at Noreg med dei nye måla hevar ambisjonsnivået.

Men Natur og Ungdom er ueinige med regjeringa og støttepartia i at regjeringa sine mål er ambisiøse. Aktivistar frå miljøorganisasjonen stod i dag utanfor Statsministerens kontor for å aksjonera.

Leiar i Natur og Ungdom Arnstein Vestre saknar klare mål om kor stor del av disse utslipputsleppa som skal takast innanlands. Dei krev eit mål om 60 prosent utsleppskutt innafor Noregs grenser.

– Me er rasande, men diverre ikkje overraska. Her hadde regjeringen sjansen til å leggja fram mål som tok Noregs historiske ansvar på alvor. At regjeringa ikkje vil satse på kvotekjøp i u-land burde vore sjølvsagt, og gjer ikkje desse måla ambisiøse. Dette er klimapolitikk for skrivebordet, ikkje dei som vert råka av dei katastrofale konsekvensane av et varmare klima, seier NU-leiaren i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Optimistisk på klimakonferanse

Etterlyser internasjonal satsing
6. februar vil klima- og miljøministeren leggje fram ei si Stortingsmelding om utsleppskutta. Desse måla vil verte lagt fram under klimatoppmøtet i Paris i desember.

Natur og Ungdom er oppgitt over at regjeringa ikkje har sett seg nokre mål om kor mykje dei vil bidra internasjonalt.

– Over heile verda vert menneskjer råka av konsekvensane av ei varmare verd. Noreg må bidra med minst éin prosent av dei nasjonale inntektene til klimatiltak og tilpassing i land som vert råka av klimaendringane, meiner Vestre.

I tillegg krev ungdomsorganisasjonen ei sterk nedtrapping av oljeutvinninga. 

– Måla regjeringa har lagt fram i dag syner at dei verdset menneskjer mindre enn oljemilliardar, rasar Vestre.

LES OGSÅ: – Ikkje aktuelt å kutte i oljeproduksjonen

Grøn gru
Heller ikkje Grøn Ungdom er imponert og meiner regjeringa sviktar framtidige generasjonar.

– Målet er ikkje klimarettferdig, seier talperson Lage Nøst i ei pressemelding.

Grøn Ungdom krev at Noreg må kutte 65 prosent heime i forhold til 1990-nivå og at dei bidreg sterkt internasjonalt.

– Me får ikkje til ein god klimaavtale globalt utan at rike land tek ansvar, avsluttar Nøst.

Nye mål tidlegast 2016
Dei nye utsleppsmåla frå regjeringa gjeld berre dei utsleppa som kjem inn under EUs kvotesystem. Dette gjeld den norske fastlands- og petroleumsindustrien, som står for kring halvparten av utsleppa våre.

Mål for kutt innanfor ikkje-kvotepliktige områder vert ifølgje miljøministeren fastsett tidlegast i 2016. Under denne posten kjem mellom anna utslepp frå transport, bygg, jordbruk og avfall.

LES OGSÅ: – 2014 var eit tapt år for miljøet