Mordet på Jo Cox og Europas aukande høgreekstremisme


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Død over forrædarar, fridom for Storbritannia.»

Dette sa 52 år gamle Thomas Mair då han blei stilt for retten førre veke for mordet på det britiske parlamentmedlemet, Jo Cox.

40 år gamle Cox hadde nett avslutta eit møte i Birstall, West Yorkshire då Mair angreip ho. Han skaut og knivstakk Cox fleire gongar medan han ropa «Storbritannia fyrst», namnet på eit høgreekstremt britisk politisk parti. Dette heldt fram til forbigåande greip inn.

Cox døde av dei brutale skadane i ambulansen på veg til sjukehuset.

Dubie Toa-Kwapong tek eit oppgjer med kvardagsrasisme. – Kva har vi her – ein gorilla? 

 Nynazistisk drapsmann
Jo Cox var ein idealistisk ung Labour-politikar sterk i trua på at innvandring kan ha positive resultat for det britiske samfunnet.

Ho var oppteken av å spreie bodskapen om at mangfald ikkje er noko å frykte. Å menneskeleggjere flyktningar og innvandrarar var ein stor del av politikken til Cox.  

Politiet mistenker at det var desse verdiane som motiverte britiske Mair, som har vore medlem av USAs største nynazistgruppe sidan 1999, til å ta livet av Cox.

Den høgreekstreme politikken til Mair viser til eit større fenomen i Europa.

I Sverige har Sverigedemokraterna, eit politisk parti som starta som ein nynazistorganisasjon i 1988, sikra seg 25 prosent av svenske stemmer.

I Frankrike spelar det framandfientlege Front National partiet til Marine Le Pen ei stadig meir sentral rolle i fransk politikk.

Polen har valt inn sitt mest konservative storting sidan kommunismen falt tidleg på 1990-talet.

Og i går valte England og Wales å forlate EU. 51,9 prosent av britiske borgarar bestemte at det er betre for landet og den globale marknaden å oppleve alvorlege økonomiske konsekvensar enn å forbli ein del av foreininga og måtte ta i mot flyktningar.

Men ikkje alle britar ville ut av EU. Tre av fire britar under 24 år stemte for å bli

«Lone wolf» 
I veka sidan tragedien har media skildra Thomas Mair som ein einsam, men roleg og vennleg mann som ofte stelte hagane til eldre naboar.

Dette viser til «lone wolf»-vinkelen som ofte vert brukt når gjerningsmannen er kvite og av europeisk opphav.

Men verken handlingane eller synspunkta til Mair er unike eller nye.

Drapet på Jo Cox er det nyaste dømet på ein lang og farleg tradisjon av europeisk høgreekstrem terrorisme.

I sumar er det fem år sidan Anders Behring Breivik tok livet av 77 menneske på Utøya.

Det er 16 år sidan Jo Erling Jahr og Ole Nicolai Kvisler, to unge nynazistar frå gruppa Bootboys knivstakk norsk-ghanesiske Benjamin Hermansen i Holmlia i Oslo.

Det er mindre enn eitt år sidan Anton Lundin Pettersson drap tre menneske med innvandrarbakgrunn på ein skule Trollhättan i Sverige.

Dette er ikkje ein ny trend. Europeiske politikarar har i lang tid brukt framandfrykt som eit politisk verkemiddel med lite omtanke for dei sosiale konsekvensane.

Den noverande retorikken om muslimar, flyktningar, og innvandrarar generelt minner uhyggeleg om propagandaen brukt i Hiter-Tyskland til å male den jødiske befolkninga som ein trussel som måtte fjernast.

Ekstremistar som Mair, Breivik, Jahr, Kvisler, og Petterson vert ikkje skapte over natta. Dei vert kultiverte over tid når samfunn tolererer hatsnakk og politikarar vel «enkle» måtar å vinne stemmer, som til dømes å snakke om ressursmangel og skylde dette på sårbare grupper som flyktningar.

Tom Olsen (40) var nynazist: Slik blir nokon blir trekte mot høgreekstreme miljø.

Høgreekstremisme rett under overflata
Resultatet er ein europeisk høgreekstremisme som alltid ligg og boblar under overflata og som gong på gong lykkast i å fjerne menneskelegheita til både til dei som deltek og dei som vert påverka. Og når det er gjort vert det plutseleg enklare å rettferdiggjere barbariske handlingar som mordet på Jo Cox.

Forhåpentlegvis kan dette føre til open og ærleg dialog om framandfrykt i Europa, og i retninga av meir inkluderande politikk.