Slik blir nokon trekte mot ekstremistiske miljø

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor trekk dei mot farlege miljø?

Han kjenner emnet ekstremisme betre enn dei fleste, Tom Olsen (40), og frå fleire vinklar.

40-åringen var på 90-talet aktiv nynazist og kriminell, med fleire dommar.

Sidan tok han oppgjer med fortida, skapa seg eit nytt liv, blei sosionom og tok mastergrad i sosialt arbeid. Emnet i hovudoppgåva var, ja, nettopp, inkluderings- og avslutningsprosessar i nynazistiske miljø.

I dag jobbar han som SLT-koordinator (SLT = samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tenester) i Time kommune.

Og har nyleg skrive rettleiingsbrosjyren «Hvordan forebygge radikalisering og håndtere voldelig ekstremisme i vårt lokalmiljø.»

Ein rettleiar som Time er blant dei første i landet til å få, og eit samarbeid med resten av Jæren er på gang. Rett tilbake frå ein kort ferie kjem nyheitene frå Klepp som gjer Olsens kompetanse uhyggeleg relevant.

– Korleis reagerer du?

– På same måte som dei fleste andre, vil eg tru; at det er trist viss eit ekstremistisk miljø, uansett type, etablerer seg i nærmiljøet.

LES OGSÅ: PST følgjer fleire personar

– Kvifor blir enkelte tiltrekt av desse grupperingane?

– Eit kort svar er vanskeleg å gi; dei individuelle årsaksfaktorane er komplekse. Men for å snakka generelt: Ofte er det ungdommar eller unge vaksne med ein del utfordringar i livet. Gjerne forårsaka av negative opplevingar i barne- og ungdomsåra, som har prega dei sterkt. Og der dei nok burde fått betre oppfølging etterpå.

– Har du døme på dette?

– Ta Benjamin Hermansen-saka. Den eine av personane bak hadde året før drapet, då han var 19 år, blitt overfalla på t-banen og skambanka av dei såkalla barneranarane. Overfallet frå desse farga ungdommane gjorde han livredd, men han fekk inga oppfølging. I staden utvikla den seinare gjerningsmannen, som i tillegg kom frå vanskelege kår, ekstreme haldningar mot farga og framandkulturelle personar. Og blei til slutt drapsmann. Eit liknande døme er B-Gjengen i Oslo. Grunnleggjarane blei overfalle av ein gjeng kvite, norske ungdommar, med rasistiske haldningar. Heller ikkje dei fekk hjelp etter den opplevinga. Sjølvsagt var det andre faktorar i liva deira som òg var viktige som bakgrunn for kriminalitet. Men like fullt: B-Gjengen blei grunnlagt kort tid etter denne hendinga.

LES OGSÅ: Vestlendingar drepne i heilag krig

– Kva oppnår ein med å gå inn i slike grupper?

– Ofte har slike personar ei opplevd kjensle – og eg legg trykk på «opplevd» – av å ha blitt behandla urettferdig. Då er det lett å laga seg eit bilete av at «dei andre har fått noko som eg skulle hatt.» Kjensler som Arne Myrdahl spelte på på 90-talet, gjennom utspel om at «Innvandrarane tar jobbane frå oss.» Når ein går inn i ekstreme grupperingar tek ein eit oppgjer med det som blir opplevd urettvist.

– Er miljøet på Jæren farleg?

– Eg trur ikkje me skal vera redde. Men me må jobba aktivt mot det, og eg reknar med at både politiet og kanskje PST følgjer med. Men ein svært liten minoritet har sympati med slike synspunkt, ein snakkar oftast om svært isolerte, minimale grupperingar. Dei bruker gjerne omgrep som «reir,» her i Rogaland Rede 3, men så er det gjerne berre ein eller to personar i eit slikt «reir.»

– Men kan me risikera ekstremistisk vald på Jæren òg?

– Her er det viktig å sjå at kommunar handsamar problemstillinga ulikt. På 80-talet snudde mange kommunar ryggen til fenomenet ekstremisme, og bagatelliserte det som gutestrekar. Noko som gjorde at dei fekk blomstra opp i fred. Som ein av informantane i masteroppgåva sa om kvifor han blei med i eit nazistisk miljø: «Eg hadde ingen vener, eg var nøydd til å ta dei eg fekk.» Me bør ikkje vera redde for vald, men vera årvakne og tydelege overfor miljøet.

– Kva kan gjerast i eit lokalsamfunn som Jæren?

– For å ta eit døme: Når du er i ein sosial happening og høyrer nokon seia at dei tek avstand frå Anders Behring Breiviks gjerningar, men at «dei forstår meiningane hans.» Altså, då har me alle saman eit ansvar for å seia frå. For å setja foten ned og seia at «det der blir for ekstremt.» Både som personar og institusjonar må me vera klare i høve til standpunkt og samstundes inkluderande mot personane som hevdar synspunkta. Snur me ryggen til dei, skjer det motsette av kva me vil. Godt førebyggjande arbeid, dialog og inkludering er vegen å gå for å motverka framvekst av ekstremisme.

Les saka i Jærbladet!