«Kva har vi her – ein gorilla?»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg vart fødd i Oslo ein kald desemberdag i 1993, til ein ghanesisk far, ei britisk-ghanesisk mor, og til stor glede for mi 6 år gamle syster, som hadde ønska seg ei veslesyster til både jul og bursdag i fleire år, og var overtydd om at ho hadde spelt ei stor rolle i å skape meg. To år seinare flytta vi til ei bygd i Sogn og Fjordane, som heiter Flekke. Då eg var 4 år tok mamma meg og systera mi til Ghana for å bu med mormor, medan ho tok mastergrad i England.

Der fekk vi oppleve middelklasselivet i Ghana, leve med tropisk temperatur året rundt, og lære meir om den delen av vår kulturarv. Likevel lengta vi heim til foreldra våre og til Noreg. Ghana var òg heime, men vi merka meir og meir kor norske vi var, og kor stolte vi var av denne delen av oss sjølve. Vi sakna vennane våre i Flekke.

LES OGSÅ: Deler historier om #norskrasisme på Twitter

Tre år seinare vart vi henta heimatt til Noreg. Dette hadde vi venta på lenge. Vi naut livet i Ghana, men samstundes drømte vi om Diplom-Is (Trippel var favoritten) og snøfylte julefeiringar.

Eg hugsa godt min fyrste skuledag tilbake i Noreg. Eg sov så vidt natta før. Auga vart festa i klistremerka i taket som lyste i mørkret og tankane på kompisane eg snart skulle få sjå igjen.

Då det var matpause neste dag, tok eg matboksen ut av ryggsekken som alle andre og byrja å ete maten min. «Det luktar ekkelt!», ropte brått ein gut, raud som ein tomat i andletet. Det var matpakken min han snakka om. Eg hadde med meg jollof-ris, ein aromatisk og velsmakande vest-afrikansk risrett. Mamma er ekstra flink til å lage denne kompliserte retten, og eg vart alltid glad når eg kjende lukta av ingefær, kvitlauk og stjerneanis fylle huset. Det var litt til overs etter middagen dagen før, og godaste mamma hadde pakka det til nista mi. Ei venninne hadde nett spurt om ho kunne få smake, og eg var ferd med å rekke ho gaffelen då guten vendte blikket mot oss, lukta inn djupt, rynka nasa og sa tre ord som minte meg på at eg ikkje høyrde til her i klasserommet mitt, på barnskulen min, i bygda mi, i landet mitt.

I femte klasse samla eg mot til å vere med vennane mine inn i sjuandeklasse-gangen, for å henge med dei «kule» eldre gutane. Eg var ikkje særleg interessert i vere kul, og ikkje synest eg at dei gutane var noko særleg interessante. Men eg ville vere ein del av jentegjengen, så eg vart med. I starten gjekk det fint. Vi lo – så vende ein av gutane blikket mot meg. Han smilte lurt og gjekk mot meg. «Kva har vi her? Ein gorilla har funne vegen inn i gangen vår»

Alle lo, venninnene mine òg. Denne gongen klarte eg å tenkje raskt nok til å komme med ein respons: «Ja, eg er i alle fall ikkje ein stygg bavian».

 LES OGSÅ: Antirasisme skal inn i skulen

På ungdomskulen fekk eg ei ny venninne. Vi sat ofte og snakka saman i friminutta, og eg tenkte lite på hudfargen og innvandrarbakgrunnen min når vi var saman. Ein dag vi sat og snakka i lag, sa ho: «Når eg ser afrikanarar på Kiwi, er eg nesten sikker på at dei stel». Eg sat mållaus, auga festa i golvet. Eg fekk den følelsen igjen, av å ikkje høyre til. Skulle eg skamme meg over å ikkje vere etnisk norsk? Eg samla mot til å spørje: «Når du ser meg og familien min på Kiwi, tenkjer du at vi stel?» Eg såg at irritasjonen byggje seg opp hos venninna mi. Dette var eit emne vi ikkje skulle ha gått inn på, og det var tydeleg at ho fann det ubehageleg. «No må ikkje du setje ord i munnen min, Dubie. Eg sa ikkje noko om deg. Deg kjenner eg. Du er ikkje som dei andre.» Samtaleemnet skifta raskt til gårsdagens One Tree Hill-episode. Eg smilte og nikka med, men tankane var festa i det ho hadde sagt. Gjekk dei fleste etnisk norske som ikkje kjende meg rundt og trudde at det låg i genane mine å utføre kriminelle handlingar? Var det derfor butikktilsette alltid fylgde familien med blikket når vi var ute å handla?

Då eg gjekk på vidaregåande tok eg og pappa drosje ein time frå heimebygda vår, til ein stad der få kjenner oss. Drosjesjåføren såg rimeleg misnøgd ut då min nesten to meter høge far sat seg i framsetet. Faren min er svært sosial og vennleg, og prøvde å starte ein samtale med sjåføren. Det var ho ikkje interessert i. Ho lét som ho ikkje høyrde det han sa og skrudde opp volumet på radioen. Då vi kom fram, sat pappa eit bein ut av bilen for å ta lommeboka ut av bukselomma. Då fekk sjåføren full panikk og sa på engelsk (sjølv om pappa hadde snakka norsk heile bilturen): «Eg veit ikkje korleis det er der du kjem frå, men her betalar ein for drosje!». Pappa svara, på norsk: «Eg veit ikkje kor du har fått opplæring, men kundesørvisen din er heilt forferdeleg! Det må du jobbe med», medan han rakk ho betalinga for turen.

Hendinga med nista mi på barneskulen var ikkje den fyrste gongen eg opplevde at det å ikkje vere etnisk norsk var noko eg skulle skamme meg over. Dette er berre nokre få døme på korleis eg personleg opplevde dette som barn og som ungdomsjente.

Den gongen hadde eg ikkje ord for å beskrive det eg opplevde. I dag veit eg at det vert kalla kvardagsrasisme.

Målet mitt er ikkje å gje skuldkjensle, å fø sinne, eller å få sympati. Eg vil heller oppmode mine landsmenn til tenkje på stereotypane vi har om det som er annleis, og tenkje oss om før vi reagerer basert på fordommane desse stereotypane skapar.

Det norske samfunnet vert ikkje øydelagd av å bli meir mangfaldig. Det som er farleg for samfunnet vårt er når vi lar hat og frykt avgjere korleis vi behandlar medmenneske. Dette såg vi på nært hald 22. juli, 2011. Det er makt i orda vi vel å bruke, og i handlingane våre.