Med elva som livsstil

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om eg ikkje kontrollerer, så fiskar eg.

Stilla, bålet, ein roleg pils, det sosiale og det å lure laksen – for Jan Morten Simonsen er elva ein livsstil. Han tok med Framtida til breidda av Karasjohka, der han jobbar som fiskevakt denne sumaren. Saman med kollegaane har han ansvar for delen av Tanavassdraget som buktar seg gjennom Karasjok kommune, om lag 60 mil lakseførande elv.

– Eg har drive med fiske heile mitt liv. Då stillinga som fiskevakt vart utlyst spøkte eg fyrst om å søke, så fekk eg gode attendemeldingar, søkte og fekk tilbod om jobb. Eg er ganske kjent ved elva, og å ha ein slik jobb handlar om interesse. Ein må like å vera i naturen.

LES OGSÅ: Sommarjobb: Syden-testar

Elvebåt og ATV
Fiskevaktene har ansvar for å kontrollere at dei som fiskar har fiskekort, og at dei ikkje fiskar med ulovleg reiskap. Sistnemnde inneber til dømes at ingen andre enn grunneigarane fiskar med garn. Det er heller ikkje lov til å nytte levande agn i vassdraget, så marken må ein la vera i jorda.

– Vi har mange mil elv å dekkje. Der det ikkje går veg langs med elva må vi nytte ATVar langs breidda eller køyre elvebåtar oppover elva, forklarar Jan Morten.

Dei reiser ut på kontrollturarar over ein eller fleire dagar. Får dei tips om tjuvfiske eller bruk av ulovleg reiskap rykkar dei ut.

– Vi stoppar alle, for å kontrollere og vise oss. Stort sett opplever vi positive ting, men det finst nokon som ikkje har kjøpt fiskekort. Noko eg ikkje har opplevd og håpar eg slepp, er å møte folk som fiskar i alkoholpåverka tilstand.

LES OGSÅ: På flukt med fotoapparat

Roa
Jan Morten forklarar at han har fiska så lenge han har kunne gå. Ein tidleg episode han trekkjer fram, er ein fisketur med bestemor si.

– Vi fekk berre ein liten laks på tre kilo, ein diddi, ikkje meir. Men så sa bestemor at om vi fekk ein til skulle eg få den. Eg bad til Gud om få ein til, så stoppa vi og jammen fekk vi ein liten fisk til. Det hugsar eg veldig godt.

Noko at det han set høgast er roa ved elva. Det merkar også vi denne sumarkvelden, korleis den breie elva buktar seg heilt stille – forbi steinar, strender og småbusker. Men ro treng ikkje vera total stille heile tida.

LES OGSÅ: Og til venstre ser vi eit heilt fantastisk land!

– Er eg på fisketur med kompisar og ser ein laks, seier eg gjerne ifrå så dei vert merksam på den.

For Jan Morten har både familie, kjærast og kompisar som fiskar. Elles merkar han at mange ungdommar er lite opptekne av fiske.

– Ungdom no til dags har kanskje litt for mykje teknologi, PC-ar og mobiltelefonar.

Byrjar i november
Dei siste åra har Jan Morten fiska med flogestong. Han likar korleis ein kastar like langt kvar gong, fiske vert systematisk.

– Eg føler at fiske med slukstong er meir slump. Med flogefiske må ein vera konsentrert, det er timing og teknikk, forklarar han. Og sesongen startar tidleg: 

– Vinteren her kan vera trasig, då gjeld det å lade opp til sumaren, seier Jan Morten.

For han starta oppladinga i november i fjor, og sidan då har han brukt 100 timar på å binde eigne floge. 

For det er sumaren det handlar om, og då er det best å fiske om natta. I Karasjok er det midnattssol, mørket kjem ikkje. 

– Når det er varmt og solskin, er det ikkje bra å fiske. Generelt er det best om morgonen eller kvelden, når lufta er kaldare enn vatnet. Men eg kan fint fiske sjølv om eg veit eg ikkje får fisk, berre for å kaste litt lenger. Og så er det så koseleg ved elva, avsluttar Jan Morten. 

LES OGSÅ: Fansen som slår belieberane