Og til venstre ser vi eit heilt fantastisk land!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På sightseeing i København

Eg smiler alltid til turistar, sjølvsagt. Men i det siste har eg smilt meir enn vanlig. I tilfelle turistane har tatt ein guida sightseeing-tur.

Ikkje for å skryte, men eg var nylig i København, og der tok eg ein slik guida sightseeing-tur med buss. Og etterpå kjende eg eit sterkt behov for å bli smilt til.

Du har kanskje vore på slike bussturar sjølv. Du køyrer i ein to etasjes buss gjennom byen,  med verdens dårligaste øyretelefonar, der ei stemme fortel om byen og landet, medan søreuropearane ved sida av deg snakkar høgt om andre ting og amerikanarane framfor deg  seier «Wow!» til ting det ærlig talt ikkje er nokon grunn til å seie «Wow!» til.

Vi har alle våre perversjonar, og eg liker slike bussturar. Vanligvis. Du får ein viss oversikt over byen. Dessutan er eg svak for samhaldet mellom turistane om bord. Dei fleste byar i verden har ikkje veldig mange unike attraksjonar, så slike bussturar inneheld alltid sjarmerande forsøk på å snakke opp attraksjonar. Formuleringar som «sjette høgast i Nord-Europa» sitt laust. Og då ser vi turistane på kvarandre og smiler litt og tenker vårt.

For slikt sjølvskryt har ein viss sjarm.

Og så finst det sjølvskryt som ikkje er sjarmerande.

Og då er vi tilbake i København.

Bussturen hadde så vidt starta då stemma i øyra mine sa noko sånt som at «i Danmark respekterer ein andre folks levemåtar.»

Joda. Eg vil tru dei fleste danskar gjer det, innanfor rimelige grenser. Som dei fleste gjer i alle land det er naturlig å samanlikne seg med. Men dama i øyret mitt slo det fast, som eit  unikt dansk faktum, midt mellom opplysningar om folketal i København og kor gammal den eldste berg- og dalbanen i Tivoli er.

Og ho heldt fram: «Danskar er avslappa og nyt livet. Danskar er ikkje så opptatte av pengar….»

Det er litt usympatisk å skryte av kor lite opptatt ein er av pengar i eit land der dei fleste trass alt ikkje manglar slikt. Eg kjende meg plutselig flau på vegner av Norden og smilte unnskyldande til dei sikkert finanskriseramma søreuropearane ved sida av, men dei var heldigvis opptatte med å snakke høgt om noko heilt anna.

Og det blei verre: «Danskar er ikkje så opptatte av status, fine ting og dyre bilar som folk er i for eksempel USA og Storbritannia.»

Men herregud då, menneske. Dette sa stemma, heilt utan skam, til ein buss full av amerikanarar og britar. Eg prøvde å smile unnskyldande til amerikanarane, men dei sa «Wow!» og tok bilde av Nord-Europas trettande største bypark. Det skal dei ha, amerikanarane. Dei kan vere veldig rause turistar. 

Og stemma i øyret slutta ikkje: Danmark er meir liberalt og enn andre land i Europa. Danskar er betre til å kombinere mat og drikke enn franskmenn og italienarar. Danskar er mindre stressa enn andre folk. Danmark er verdens mest miljøvennlige og tolerante land. Alt dette tilsynelatande utan humor.

Til og med opplysninga om at danskar har bortimot den lågaste levealderen i Europa, klarte dama å snu til skryt. Den låge levealderen, sa ho, var eit uttrykk for at danskar «lever til dei dør i staden for å dø litt medan dei lever», eller noko tilsvarande mig som betyr at dei drikk seg i hel.

Bussturen var rett og slett halvannan time med skamlaust og klisjéfylt skryt av Danmark. Ofte på bekostning av folk frå andre land som trur dei er noko.

Eg har alltid likt meg i København, men eg kjende at no satt det langt inne.

Og det er derfor eg smiler til turistar no. Eg har aldri tatt ein slik sightseeing-tur i Norge, men det kan jo hende dei er likedan. Så eg smiler unnskyldande, i tilfelle turistane har tatt ein slik tur, for eksempel i Oslo og fått høyre: «Dette er slottet. Dei norske kongelige er søte og hyggelige, ikkje klyser som i alle andre monarki. Og alle respekterer privatlivet deira. Til og med sladreblada. Og viss dei ikkje gjer det, får dei beskjed om å gjere det av eit utval. Slik er media i Norge, i motsetning til søppelpressa i England og Tyskland. Til høgre: Stortinget! Der sitt ulike parti som samarbeider i staden for å krangle og øydelegge for kvarandre som i Italia og USA. Vi har også klart oss fint gjennom finanskrisa i staden for å rote det til som alle andre.»

Så eg smiler. Det kan i det heile tatt aldri skade å smile til turistar. I tilfelle vi har noko å be om unnskyldning for.


Først publiser ti Aftenposten.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!