Sommarjobb: Syden-testar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

I desse dagar er Kjetil Fredriksen «travelt» opptatt med å akklimatisere seg heime på verandaen i Treungen, før han dreg av stad til Alanya i Tyrkia og kanskje verdas beste sommarjobb. Heldigvis er det 23 grader i skuggen på verandaen med utsikt over Nisser. Då blir ikkje overgangen så stor når Kjetil skal ta fatt på sommarjobben.

Noko knallhard jobbing blir det neppe. Oppdraget han har fått av arbeidsgjevar 123Hotels er å bu på fem ulike hotell i løpet av 15 dagar, teste ut tilboda på dei ulike hotella, og legge ut nokre bilete om dagen på sosiale media. Ikkje rart det var 1400 søkjarar til jobben.

– Det er mange som vil lesa søknaden eg skreiv, ja, bekreftar den heldige utvalde.

Kjetil smiler nøgd der han sit og myser mot sola i Treungen. Han la ikkje akkurat så mykje arbeid i søknaden der han søkte på stillinga som «hotellanmeldar/heldiggris».

– Eg skreiv berre det eg følte for der og då, og trykte send. Då dei hadde plukka ut meg som vinnaren, sa dei at det var fordi søknaden var skriven med glimt i augo. Og så sette dei vel pris på fotointeressa mi, seier Kjetil, som arbeider som fotograf i TV2 og på ein folkehøgskule.

LES OGSÅ: Verdas våtaste draumejobb?

Bonusheldiggris Kristine
Medietrykket har vore høgt. 123Hotels har nok fått god utteljing for marknadsføringsstuntet sitt. Det er ikkje få intervju Kjetil og reisepartnar Kristine Dalevoll, eller «bonusheldiggrisen» som reiseselskapet kallar ho, har gjennomført i det siste. Men det fyrste kom svært overraskande på Kjetil. TV2 hadde nemleg sett himmel og jord i bevegelse for å feste augneblinken då Kjetil fekk beskjeden til film. Det blei ikkje så lett.

For Kjetil hadde reist frå Trondheim, der han bur, før kamaerateamet rakk å koma dit. I Treungen fann dei han ikkje, for han hadde reist på hytta i Seljord. Men då dei kom dit, var han på veg vidare. Dei fann han heller ikkje heime hos reisepartnar Kristine i Langesund. Så til slutt måtte dei involvere ho og avsløre løyndomen, slik at dei saman kunne regissere overraskingsstuntet mot Kjetil.

Kristine inviterte Kjetil på piknik i Langesund, og dit skulle kamerateamet koma seg med helikopter.

Men også det gjekk gale. Det var for mykje skodde til at helikopteret kunne lande. Løysinga blei at Kristine måtte filme då Kjetil fekk den svært gledelege telefonen. Klippet av den overraska og lykkelege «vinnaren» ligg på TV2s heimesider.

Les fleire saker om sommarjobb her!

Fullt trøkk på Facebook
Tema for bilda dei skal legge ut er at dei skal kunne gjera andre misunnelege.

«Vi vil at du skal dele øyeblikkene når du synker ned i myke hotellsenger, spiser lange hotellfrokoster eller ligger og dupper i deilige bassenger mens du får servert kald drikke», skreiv 123Hotels i utlysinga.

Kjetil og Kristine skal hovudsakleg bruke Facebook, Twitter og Instagram – både profilane som høyrer til hotellselskapet, men også sine eigne, private kontoar.

– Eg trur eg må åtvare venene mine på Facebook om at det kjem til å bli litt mykje oppdateringar framover, seier Kjetil.

Fram mot ferien på femstjernershotella i Alanya, skal han berre slappe av og sjå fram til turen. Og det han gledar seg mest til?

– Å vera i paradis med Kristine, smiler heldiggrisen frå Treungen.

Les saka på VTB.no!