Kampen om reaktoren

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kampen om reaktoren

Det er kanskje nytt for fleire at me har ikkje eitt, men to atomreaktorar i Noreg. Eit på Kjeller i Lillestrøm, og eit i Halden. Haldenreaktoren starta opp i 1955, og Haldenprosjektet starta i 1958 og er ifølgje fleire langt på overtid. Organisasjonar som Natur og Ungdom og Bellona vil ha reaktoren stengt – medan folk flest kanskje er usikre på kva Haldenreaktoren er i det heile.

Før jul fekk Haldenreaktoren fornya konsesjonen sin, og er sikra drift i seks år til. Det er Natur og Ungdom kritiske til, dei meiner prosjektet allereie er godt på overtid.

LES OGSÅ: Reaktorane kjem attende

Steng, ikkje steng
Dei som ventar på T-bana på Storo i Oslo, kan sjå tre banner med klare synspunkt i ein årelang debatt i Noreg. Det første banneret har eit kjernekraft-symbol og eit enkelt bodskap;
Steng Haldenreaktoren». Ved sida står svaret «IKKE steng Haldenreaktoren», før det siste banneret utdjupar: «Én ulykke hvert 4. år, ikke viktig for norsk forsking – jo, steng den».

Arnstein Vestre, leiar av Natur og Ungdom ler roleg, og forstår kvifor han vart bedd om å møta opp akkurat her. Han, og resten av Natur og Ungdom, har lenge kjempa for å få Haldenreaktoren stengt.

– Haldenreaktoren er ein atomreaktor som allereie er seks år på overtid i forhold til det som var den anslåtte levetida. Det byrjar altså å bli på høg tid med nedlegging, seier Vestre.

Fleire har vore kritiske til arbeidet som blir gjort i Halden. Før konsesjonen vart fornya i desember sendte Forskningsrådet eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet og stilte spørsmål om kor viktig Haldenreaktoren eigentleg er for norsk forsking.

HaldenArnstein

Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom, er ein av dei som har kjempa for å stenga Haldenreaktoren. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Drone avslører spøkelsesby ved Tsjernobyl

Å vera imot tryggleik
– Dei som er imot Haldenreaktoren er dei som er imot at me skal driva med kjernekraft i Noreg. Og du kan meina kva du vil om kjernekraft, men kjernekrafttryggleik er det vanskeleg å vera imot, og det er det me driv med her, forklarar kommunikasjonsdirektør Viktor A. Wikstrøm Jr. ved Institutt for Energiteknikk (IFE).

Ifølgje Wikstrøm er hovudarbeidet til Haldenreaktoren, som ein del av Haldenprosjektet, i samarbeid med medlemslanda i OECD, som alle dreg nytte av forskinga gjort i Haldenreaktoren. Forsking som er viktig, meiner Wikstrøm.

– Trass i Merkel sin slutning og ulukka i Fukushima har det aldri blitt bygd så mange kjernekraftverk som no, seier Wikstrøm.

Han siktar til Angela Merkel, forbundskanslar i Tyskland, si avgjersle frå 2013 om å få stengt resten av dei tyske kjernekraftverka innan 2022, samt den store ulukka ved kjernekraftverket i Fukushima i 2011.

– Stadig fleire diskuterer å bygga ut, og England har nyleg bestemt seg for å bygga. På nyttårsafta gjekk energiministeren ut og sa at Irland burde vurdera å gå erstatta kolkraften med kjernekraft, legg Wikstrøm til.

Regjeringa si grunngjevingfor å gi Haldenreaktoren konsesjon for seks nye år, er basert på Statens strålevern sin konklusjon om at drifta framleis er trygg, og kjem med ei rekke krav. Mellom anna blir det presisert at forskingsresultat kun skal brukast innan sivil sektor til fredelege og ikkje-eksplosive formål.

Eit bilete frå Halden-reaktoren som vart opna i 1955. Foto: IFE

LES OGSÅ:Tryggare med atomkraftverk til havs

Menneskjelege feil
Wikstrøm utdjupar kva Halden-reaktoren driv med.

– Det er i hovudsak to ting me tek føre oss. Det eine er brenselet, og korleis dette oppfører seg i ulike samanhengar. Det har synt seg at Halden-reaktoren er spesielt egna til akkurat dette. Dessutan jobbar me mykje med kontrollromsteknologi, og lagar kontrollrom som er tilpassa korleis mennesket reagerer. Hovudårsaka til Three Mile Island-ulukka var nettopp at dei i kontrollrommet misoppfatta signala då alarmen gjekk, og tok feil slutning basert på det, fortel Wikstrøm.

Three Mile Island-ulukka i 1979er den verste ulukka i historia til kommersiell kjernekraft i USA. Ein feil i eit system gjorde at kontrollrommet – feilaktig – opna ein ventil som eigentleg burde bli lukka.

LES OGSÅ: Vil testa thorium i Halden-reaktoren

Ikkje hemmeleg, men lite kjend
Mykje av kritikken som blir retta mot Halden-reaktoren går på at store deler av arbeidet som blir gjort er hemmelegstempla. Det stemmer ikkje, meiner Wikstrøm.

– Alt arbeid som blir gjort i Halden-prosjektet blir opent og offentleggjort etter fem år. Dei fem åra er der fordi dei som betalar for forskinga skal sleppa gratispassasjerar. I tillegg til Halden-prosjektet utfører me fleire oppdrag for enkeltprosjekt eller leverandørar. Då jobbar me berre for den eine kunden, og då er det forretningshemmelegheiter, fortel han.

– Det gjer debatten om Halden-reaktoren veldig vanskeleg, svarar Arnstein Vestre til dette.

Vestre trur det er fleire grunnar til at folk flest veit lite om Halden-reaktoren.

– Eg trur det er fordi det er ein så teknisk debatt. Folk i Halden veit mykje om reaktoren, og i Natur og Ungdom har me jobba med den i fleire år. Men det er ikkje like mange som skriv om den, og når avisene skriv om det blir det anten så teknisk at folk ikkje forstår, eller så handlar det om arbeidsplassar, seier Vestre, som innrømmer at han sjølv ikkje hadde høyrt om Halden-reaktoren før han byrja i Natur og Ungdom.

Noko av det Haldenprosjektet forskar på, er å laga kontrollrom som er designa etter korleis menneskjer reagerer, og som skal utelukka menneskjelege feil. Foto: IFE

LES OGSÅ: Konsesjon til tre vindkraftverk i Sogn og Fjordane

Ikkje ei løysing
Vestre er ikkje imot å forska på atomtryggleik. Han og resten av Natur og Ungdom er imot atomkraftverk.

– Kjernekraft representerer ikkje ein farbar veg inn i framtida. Atomkraft produserer store mengder radioaktiv avfall som må lagrast i 100.000 år, og i dag har me ingen måte å gjera det på. Finn me det i framtida? Tvilsamt, og innan då må me uansett ha lagt om energiforbruket i verda totalt, og då burde me satsa pengane på fornybar energi, ikkje atomkraft.

Sjølv om arbeidet som blir gjort i Halden fokuserer på tryggleik – noko heller ikkje Vestre er imot – er det nokre av atomreaktorane dei held i drift som får Natur og Ungdom til å rynka på nasen.

– Halden-reaktoren har drive med forsking som mellom anna har vore med på å forlenga levetida til usikre atomkraftverk på Kola-halvøya, gjennom eit program som heiter SCORPIO, seier Vestre.

Noreg har samarbeida med kjernekraftverka på Kola-halvøya sidan 1992, og finansiert tryggingstiltak der. Dette har ført til ein kraftig nedgang i talet på uhell dei siste åra, ifølgje Statens strålevern.Etter planen skal den eldste av reaktorane på Kola-halvøya stengast i 2018.

LES OGSÅ: Glede og skuffelse – og håp for 2015

Held fram
Når Halden-reaktoren før jul fekk konsesjon til å driva på i seks nye år, vil Wikstrøm og IFE halda fram i same spor.

– Me vil halda fram Halden-prosjektet, og i desember vart det godkjens saman med OECD-landa at me skal halda fram med det same som før.

– Har Halden-reaktoren oppnådd det dei ville i tida som har vore?

– Det vil eg sei, i høgaste grad. Det er det internasjonale samfunnet som vil at Halden-reaktoren skal drivast vidare, me bidreg til å gjera atomkraftverka i verda tryggare, slik at du kan sova tryggare om natta. Skal vera unngå ein uakseptabel temperaturstigning må me redusera utsleppa av fossile brensel. I den samanheng blir energi frå atomproduksjon viktig, seier Wikstrøm, og syner til den siste analysen frå Det internasjonale energibyrået (IEA).

LES OGSÅ: – Me kan ikkje leva på IKEA-møblar