Vil testa thorium i Halden-reaktoren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil testa thorium i Noreg

Det norske selskapet Thor Energy skal byrja å testa radioaktivt thoriumbrensel i Halden-reaktoren neste år, skriv Teknisk Ukeblad.

I første omgang er det snakk om å supplera uranbrensel med thorium. Testinga vil gå føre seg i samarbeid med Institutt for energiteknikk (Ife).

LES OGSÅ: Atomkraft kuttar norsk straumpris

Førebels ønskjer ikkje selskapet å seia noko konkret om testinga, og seier det er fleire utfordringar som må løysast før ein kjem så langt.

– Vi har gjennomført store studiar på thorium. Det som no skal skje er at vi vil verifisera det vi har kome fram til. Dette er framleis på eit teoretisk nivå, men vi ser mellom anna på brenseldesign og korleis brenselstavane er bygde opp, seier dagleg leiar Øystein Asphjell til Teknisk Ukeblad.

LES OGSÅ: – Dyrt å gjera Noreg til batteri

Det radioaktive grunnstoffet thorium har fleire gonger blitt lansert som kandidaten som skal ta over for uran som brensel i reaktorane i framtida, og i slutten av november lanserte Thorium Think Tank ein rapport som fortalde at dei norske førekomstane av thorium kan innehalda 120 gonger meir energi enn all olje på norsk sokkel. (©NPK)

Kva synest du om planane? Bør Noreg satsa meir på utvikling av kjernekraft?

Faktaboks

Thorium kan brukast i ein type kjernekraftverk for å lage elektrisk kraft. Slike thoriumkraftverk er under utvikling, og ikkje nytta i stor skala.

Den norske førekomsten er i den austlege delen av gruvefeltet Fensfeltet i Nome kommune i Telemark. Noreg er venta å ha dei tredje største førekomstane av thorium i verda.

Les meir på Wikipedia!