– Tryggare med atomkraftverk til havs

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Flytt atomkraft til havs

Verken jordskjelv eller tsunamiar er nokon trussel mot eit flytande atomkraftverk som ligg på 100 meters djup eller meir. Og om uhellet skulle vere ute, er det god tilgang på vatn, og sjølve reaktoren kan kjølast ned automatisk med sjøvatn.

Både ved ulykkene i Fukushima, Tsjernobyl og Three Mile Island var problemet å få kjølt ned reaktorane, ein situasjon som er nesten utenkjeleg til sjøs, meiner ei gruppe forskarar ved Massachusetts Institute of Technology.

– Reaktoren kjem svært nær sjøen, som i grunnen er ein heilt uavgrensa varmeopptakar. Det gjer det mogleg å kjøle reaktoren passivt utan å måtte gripe inn. Sjølve reaktoren kan plasserast under havflata, seier professor Jacopo Buongiorno ved MIT i ei pressemelding.

Buongiorno peikar òg på at både reaktor- og plattformteknologien er godt etablert og klar til å takast i bruk i liten til mellomstor skala. Han meiner slike løysingar eignar seg særleg godt i jordskjelvutsette område i Asia og Afrika. (©NPK)

LES OGSÅ: Atomkraft kuttar norsk straumpris