Dette blir blått for godt

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valet 9. september kan gje Noreg eit rekordblått storting, og Framstegspartiet kan for første gong bli deltakar i ei regjering. Det kjem til å setje nokre varige spor – men korleis vil avtrykket sjå ut?

Dei fleste politiske endringar er mellombelse og opne for forhandling. Skattenivå, avgiftssatsar og velferdsytingar kan ein justere opp og ned med skiftande stortingsfleirtal, og fedrekvotar kan kome og gå. I prinsippet kan nesten alle politiske vedtak gjerast om. Men somme reformer og vedtak kjem med mothakar – dei viser seg i praksis å vere irreversible. Her er nokre døme:

Iblant bidreg både tidsånd, teknisk utvikling og endra forventningar til å gjere eit vedtak permanent, som opphevinga av kringkastings-monopolet i 1988.

Somme reformer er så breitt politisk forankra og gagnar så mange at ingen vil tenkje på å oppheve dei, som innføringa av Folketrygda i 1967.

Internasjonale avtalar kan medføre så store endringar at kostnaden ved å gjere dei om blir uoverkomeleg, som EØS-avtalen frå 1993.

Privatisering av statlege selskap, som da Telenor og Statoil vart børsnoterte i 2000 og 2001, er irreversibelt.

Og vedtak kan bli verna gjennom rettsleggjering av politikken: Dei «evige fiskekvotane» som fiskeriminister Svein Ludvigsen delte ut i 2005, kan snart bli hogde i stein av Høgsterett.

Med dette bakteppet: Kva kan den varige arven bli om vi får fire år med blått stortingsfleirtal og ei regjering dominert av Høgre og Framstegspartiet?

LES OGSÅ: – Vil avdekke fossila i politikken

Færre kommunar
Vi kan i alle fall vente oss store omveltingar i Kommune-Noreg dersom Høgre, Frp og Venstre får stortingsfleirtal. Alle tre partia vil ha langt færre og større kommunar enn i dag. Og slike endringar blir varige: Samanslegne kommunar blir svært sjeldan splitta opp att.

Ingen av dei borgarlege partia har programfesta kor mange kommunar dei vil ha i Noreg. Men dei har gjeve hint: Per Willy Amundsen, som før var kommunalpolitisk talsmann i Frp, har sagt at Noreg burde ha hundre kommunar, mot 428 i dag. Sveinung Rotevatn i Venstre sa nyleg at hundre kommunar kunne vere eit høveleg tal. Trond Helleland i Høgre har antyda ei halvering av talet på kommunar. Med desse partia i fleirtal går Noreg truleg mot den største kommunesamanslåinga sidan 1960-talet.

Frp vil at Stortinget skal av–gjere kommunestrukturen. Høgre og Venstre har gjeve sprikjande signal om verkemidla for å få ned talet på kommunar. Ingen politikar likar ordet «tvang». Men med så ambisiøse mål er det ikkje nok å lokke kommunane med gulrot for å få dei til å slå seg saman. Det må pisk til.

Elles kan det nemnast at Høgre, Frp og Venstre alle vil fjerne fylkeskommunen.

LES OGSÅ: – Valkampen er årets høgdepunkt

Fleire privatskular
Dei borgarlege partia ønskjer å opne opp for langt fleire privatskular med offentleg støtte – såkalla friskular – enn i dag. Eit regjeringsskifte kan føre til at Noreg får 250 nye privatskular, omtrent ei dobling, meiner Norske fag- og friskolers landsforbund. I dag går tre prosent av norske grunnskuleelevar og sju prosent av elevane i vidaregåande på privatskule.

Endringar i regelverket er ikkje permanente i seg sjølve. Liberaliseringa av privatskulelova under den siste Bondevik-regjeringa vart reversert av den raudgrøne regjeringa.

Men ein kan ikkje berre stogge friskular som alt er godkjende. Sjølv om den raudgrøne regjeringa stramma inn lovverket att da dei tok over, heldt talet på elevar i norske privatskular fram med å auke i fleire år fordi så mange skuleløyve vart gjevne på tampen av Bondevik-tida. Eit seinare storting kan ikkje berre ta ein skule frå elevane dersom skulen ikkje har brote lover og reglar. Slik sett kan ein stor auke i godkjende friskular gje ei varig endring.

Dei raudgrøne hevdar at fleire friskular vil hole ut den offentlege skulen og skape større skilnader. Dei viser òg til det svenske frisleppet for private skular på 1990-talet: I dag er 16 prosent av grunnskulane og 48 prosent av dei vidaregåande skulane private i Sverige.

Høgre vil på si side ha meir konkurranse og valfridom i skulen. Partiet viser til at dei ikkje vil tillate at friskuleeigarar tek ut utbyte (ulikt Sverige), og at private skular som kan truge grunnlaget for offentlege skular, ikkje skal få løyve.

LES OGSÅ: Raudt Rapval

Meir privat helse
Høgre og Frp vil at pasientar skal kunne velje fritt mellom behandling ved offentlege og private helseinstitusjonar, utgiftene skal uansett dekkjast av det offentlege. Ordninga skal utnytte ledig kapasitet betre, gje raskare behandling og få ned sjukehuskøane.

Det er uklart kor langt Venstre og KrF vil bli med i denne leia: Båe partia er urolege for at ordninga skal undergrave dei offentlege sjukehusa.

Om Høgre og Frps line får gjennomslag, vil den aukande etterspurnaden truleg føre til ein vekst i tilbodet av private helse-tenester som ikkje er lett å reversere politisk. Og eit utvida helsetilbod har det med å generere sin eigen etterspurnad: Forventningar i folket er òg vanskelege å reversere.

Statleg nedsal
Eit regjeringsskifte vil føre til eit storstila sal av statlege selskap. Svein Flåtten i Høgre har mellom anna varsla sal av eigedomsselskapet Entra, oppdrettsselskapet Cermaq, entreprenørselskapet Mesta og Flytoget. Høgre vil òg redusere den statlege eigarskapen i børsnoterte selskap som Statoil, Telenor og SAS kraftig. Frp er i hovudsak på line med Høgre når det gjeld nedsal, og båe partia vil òg ha ei privatisering av Posten. Også Venstre ønskjer å redusere den statlege eigarskapen.

At staten sel seg ned i børsnoterte selskap, treng ikkje innebere noka varig endring: Den raudgrøne regjeringa har til dømes auka den statlege eigardelen i Statoil att. Men privatisering av heileigde statlege selskap er derimot døme på endringar som neppe vil bli reverserte.

LES OGSÅ: Stortingsspirene

Varsla avisdød
Både Høgre og Frp vil ha store kutt i pressestøtta. Høgre vil redusere støtta med ein tredje-del, 100 millionar kroner årleg, medan Frp vil kutte 180 millionar. Lokalavisene, som får kring halvparten av støtta i dag, skal i stor grad skånast. Men Høgre- og Frp-lina blir truleg ein dødsstøyt for fleire av det som blir omtalt som dei meiningsberande dagsavisene, Dagen, Dagsavisen, Klassekampen, Nationen og Vårt Land.

Å starte opp att dagsaviser er så godt som umogleg i dag. Dette stortingsvalet kan difor innebere ei varig endring av presselandskapet i Noreg.

Venstre vil ha mindre kutt i pressestøtta enn Høgre og Frp, medan KrF vil verne ordninga slik ho er i dag.

Ja til Postdirektivet
I 2011 nytta regjeringa reservasjonsretten i EØS-avtalen og sa nei til å innføre det tredje postdirektivet frå EU, som ville gjort slutt på brevpostmonopolet til Posten og opna for konkurranse på alle posttenester i Noreg.

Høgre, Frp og Venstre vil alle droppe reservasjonen og innføre postdirektivet. Den endringa blir varig.

LES OGSÅ: – Noreg er minst dårleg i klassen

Mat, mål og olje
Både Høgre og Frp vil ha store kutt i landbruksstøtta. Ei  borgarleg regjering vil føre til ei høgare nedleggingstakt i norsk landbruk. Nedlegging av gardsbruk vil i dei fleste tilfelle vere varig. I ei undersøking i Nationen denne veka sa ein av tre bønder at dei truleg ville leggje ned om landbrukspolitikken til Høgre blir realisert.

Ein kan hevde at dette er ein gradsskilnad frå dei raudgrøne: Reduksjonen i talet på gardsbruk har gått sin gang også dei siste åtte åra, men i lågare tempo enn under siste Bondevik-regjeringa.

Striden om oljeutvinning utanfor Lofoten og Vesterålen er ikkje utan vidare avgjort ved eit rergjeringsskifte. Høgre og Frp vil opne desse områda for oljeverksemd, medan Venstre og KrF vil kjempe imot. Dette er ganske likt situasjonen i den raudgrøne regjeringa, der Ap ønskte å opne Lofoten og Vesterålen og Sp og SV stritta imot.

Til slutt eit ord om språk-politikken: Både Høgre og Frp vil fjerne obligatorisk sidemål i skulen, og det blir truleg vanskeleg å gjeninnføre om dei får viljen sin. Også her blir det eit spørsmål om kor mykje KrF og/eller Venstre kan bremse.

Les kommentaren i Dag og Tid!