– Valkampen er årets høgdepunkt

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets høgdepunkt

Det yrer av liv på Torgallmenningen i Bergen, omkring eit stort kvitt telt like ved Sjøfartsmonumentet. Her har alle parti samla seg i buer, så du, eg òg alle andre som lurer på kva vi skal røyste kan kome innom for ein prat, ein brosjyre eller ein drops. Her står dei, budde på å ta i mot nett deg, og overtale deg til å røyste på nett deira parti.

Buene er opne frå morgon til kveld. Eg har sjølv gått forbi dei fleire dagar. På sundag ettermiddag då eg gjekk over allmenningen var berre to av dei opne – boden til SV og Miljøpartiet dei Grøne. Ikkje ein gong kviledagen tok dei fri. I dag er ein onsdag midt i veka, og alle buene er bemanna.

Ikkje så få av dei som står der er unge folk, på min eigen alder. Samstundes som berre halvparten av unge under 30 velde å nytte røysteretten ved førre lokalval, står det altså unge time etter time i valbuene. Kva får dei til å stå der dagen lang og prate med hundrevis av folk?

LES OGSÅ: Kjempar for å få fleire unge veljarar

Liker kverulantar
I bua til Sosialistisk venstreparti treffer eg på John-Helge Myntevik. Han er nitten år, og frå Askøy der han sit i kommunestyret.

Kvifor står du i ein valbu, eigentleg?
Eg ønskjer å vere med å få politikken vår ut. Dessutan er det utruleg kjekt å snakke og diskutere med folk, og her kjem det mange innom, seier han.

Kva er det gøyaste med å vere her?
– Noko av det artigaste er faktisk når det kjem nokon å kverulerer. Eg er veldig glad i å diskutere, og når det kjem folk med vanskeleg spørsmål er det kjekt, seier han.

– Dessutan er det veldig sosialt, og ein blir godt kjent med dei andre i partiet, seier han.

LES OGSÅ: SV under sperregrensa

Med SV mot oljeboring
Det er kanskje ikkje så dumt for John-Helge, for sjølv om han har vore lenge med i politikken er han ganske ny i SV. Tidlegare var han nemleg medlem av Arbeidarpartiet.

– Eg melde meg inn i SV for omlag fire månadar sidan, etter årsmøtet til Ap, kor eg hadde vore medlem i nesten 10 år, svarer han på spørsmål om kor lenge han har vore medlem i partiet.

Kvifor valde du å melde deg inn i SV etter så mange år i Ap?
Eg hadde innsett at eg rett og slett var for radikal, men dei sakene som verkeleg avgjorde det var Ap si handtering av oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja, i tillegg til asylbarnsaka. Eg er sterkt imot oljeboring i nord, samstundes at eg er for at asylbarna skal få bli. Derfor gjekk eg over til SV, forklarer han.

Mange unge let vere å røyste. Kva vil du seie for å overtale fleire til å bruke røysteretten?
Eg pleier å seie at det er viktig å nytte røysteretten fordi andre i verda døyr for å få røyste. Det er dessutan viktig at ungdom røyster, fordi det berre er sånn vi kan vere med å ta val for oss sjølve. Skal røysta til unge bli høyrd må unge røyste, seier han.

Kor mykje tid nyttar på å drive valkamp?
No må du få med alt du gjer, alle utvala du er med i! bryt ei av damene i boden inn.

Du gjer ganske mykje?
Hehe, vel eg har mista litt kontrollen over timane, for å seie det sånn. Eg dreg ut tidleg om morgonen og kjem heim om kvelden. Men eg gler meg alltid til valkampen anna kvart år. Det er absolutt eit av dei store høgdepunkta. Kvar dag eg møter folk vert eg minna på kvifor eg gjer dette, og kvifor Sv er partiet for meg, avsluttar han.

LES OGSÅ: – SV er best på buss trikk og bane

Saka fortset under biletet.


Christine Morken frå Luster er politisk nestleiar i Senterungdommen i heimfylket og står på stortingslista for SP.

Studenten frå sogn
Eg går vidare rundt det store partiteltet på plassen. I boden til Senterpartiet smiler ein blid senterungdom mot meg. Christine Morken står bak disken og delar ut flygeblad og brosjyrar til alle som kjem forbi. Ei dame fortel at ho har fått beskjed av dottera si om å hente brosjyrar frå alle parti.

– Då må du ta ein ungdomsbrosjyre til dottera di òg, seier Christine, og gjev dama eit eksemplar.

Christine, som er 21 år, fortel at ho eigentleg ikkje er frå Bergen, men frå Luster i Sogn. Her står ho på Stortingslistene for Senterpartiet, i tillegg til å vere politisk nestleiar i Senterungdommen i Sogn og Fjordane.

– Men så studerer eg i Bergen, eg held på å utdanne meg til bioingeniør på høgskulen, så då var det naturleg å stå i valbu her, seier ho.

Men kvifor står du i valbua?
Det er jo utruleg kjekt å møte folk. Her møter ein dessutan andre folk enn dei ein treffer til vanleg, og folk har andre spørsmål enn ein er vand med, seier ho.

– Kva er det kjekkaste du opplever her?
Det huggelegaste er jo å prate med alle folka. Mange kjem med spørsmål, og dei er gøye å svare på – antan dei kjem frå folk som er samde eller usamde, seier ho.

– Eg er veldig glad i å diskutere. Dessutan må eg berre få seie at det er mange ungdommar her, så eg synst media svartmalar litt når dei fokuserer på at unge ikkje engasjerer seg for politikk, seier ho.

LES OGSÅ: Aarebrot trur SP kan byte beite

Alt starta med eit badeland
– Når blei du medlem i Senterungdomen, og kva fekk deg til å engasjere deg?
Eg blei medlem når eg var femten år, så no har eg vore aktiv i seks år. Det starta med ei sak i heimkommunen, om ein skulle bygge badeland, seier ho og ler.

– Etter det har eg berre blitt meir og meir engasjert. Ein lærer alltid noko nytt, og det er morosamt å ha meiningar om ting og kunne diskutere.

Kva vil du seie for å overtyde fleire unge til å engasjere seg i politikk, og til å nytte røysteretten?
– For det første er det utruleg morosamt og gøy! Dessutan er det viktig å røyste – røysteretten er ikkje sjølvsagt for alle i verda, så det er viktig å bruke han, seier ho.

Kor mykje tid nyttar du på valkamp for tida?
Christine ler.
Det tør eg nesten ikkje seie, eingong, seier ho.

– Eg veit ikkje heilt kor mange timar det er, for når ein har det så gøy så tel ein ikkje timane. Men det er frå tidleg morgon til kveld. Det går litt ut over skulen, for å sei det sånn, og kjærasten, hehe. No har eg lova kvar dag at eg skal kome heim til han, men det ser ikkje ut til at det skjer, med det første, ler ho.

LES OGSÅ: SP kraftig ned i Sogn og Fjordane

Saka fortset under biletet.


Even Bakke Dimmen er leiar i Høgres Studenter Bergen.

For framtida og meir fridom
Framfor boden til Høgre aular det av liv. Eg blir ståande i eit par minutt å sjå på stadig fleire stimle saman framfor boden. Ei ung kvinne snakkar med ein av gutane i boden. Ho seier ho ikkje veit kva ho skal røyste, og han spør kva  saker som er viktige for henne. Utdanning og helse seier ho, og den unge mannen set i gang å fortelje korleis Høgre var med å få ned helsekøane under Bondevikregjeringa.

Etter ei tid snur ein av dei unge mennene i høgreboden seg mot meg, og spør kva han kan hjelpe  meg med. Om han vil svare på nokre spørsmål? Klart han vil!

Det syner seg at den unge mannen er Even Bakke Dimmen. Han er 23 år gamal, tek ein master i økonomi på Handelshøgskulen og er leiar av Høgres Studenter Bergen.

Kvifor står du i ein valbu?
Eg har lyst til å bidra i dugnaden, for å sikre at Høgre er med og sit med makta etter valet, seier han.

– Kva er det kjekkaste du opplever her?
Det er sjølvsagt alle dei huggelege folka, og å få så mange gode spørsmål. Nokre er lette, andre er vanskelegare, og nokon kan vi ikkje svare på. Men då sender vi dei alltid vidare, og freistar å få svar til folk, forklarer han.

Når vart du sjølv medlem i Høgre, og kvifor valte du dei?
Eg hadde vore engasjert lenge, men melde meg først inn i Høgre i 2008, etter eg hadde vore militæret. Det er jo det partiet eg er mest samd med. Eg synst Høgre er det mest framtidsretta partiet, samstundes som dei er mest oppteken av fridomen for individa. Som økonomen er eg òg veldig oppteken av at næringslivet skal få utvikle seg, seier han.

Kvifor bør unge engasjere seg i politikk, og nytte røysteretten?
Politikk vedkjem alle, og alt er politikk. Enten det er snakk om kvifor bustadane kostar så mykje, skatten du betalar eller kva som helst, så er det jo politikk. Derfor er det viktig å kunne litt, for å fungere skikkeleg i samfunnet.

– Mange meiner at det viktigaste er at folk røyster – ikkje kva dei røyster på. Det er eg ikkje samd i. Sjølvsagt er det viktig at folk røyster, men det er ikkje det same kva folk røyster på. Det er lett å seie at det er store likskapar mellom partia i Noreg, men det er òg viktige forskjellar, og derfor er det viktig å freiste å setje seg litt inn i ting. For sjølv om vi har det godt i Noreg i dag, trur eg vi kan få det endå betre, avsluttar han.

LES OGSÅ: Slik vil Høgre innføra karakterar i barneskulen