– SV er best på buss, trikk og bane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Best på buss og bane

Kollektivkampanjen meiner at både Høgre og Arbeidarpartiet ligg nær kvarandre når det gjeld ambisjonar for kollektivtrafikken.

– Det er skuffande at ingen av desse partia har vilje til ei skikkeleg satsing på kollektivtrafikk i dei store byane. Begge partia lovar gull og grøne skogar innanfor samferdsel. Me fryktar at fleire av prosjekta kan koma til å utkonkurrera dei kollektive løysingane, seier Espen André Breivik, sekretær for Kollektivkampanjen.

Kollektivkampanjen presenterer vurderinga si for både NHO Transport og media seinare i dag. Bak kampanjen står både fagforeiningar og miljøorganisasjonar. Dei kritiserer partia for å ikkje vera villige til å innføra tilstrekkelege tiltak for å redusera miljøbelastninga frå vegtrafikken.

– Det kan virka som om at Høgre og Arbeidarpartiet ikkje har tatt innover seg kva for trafikkutfordringar me står ovanfor, når dei norske byane held fram med å vekse, held Breivik fram.

LES OGSÅ: Til kamp for høgfartsbane

– Frp verst for kollektivtrafikken
Det er Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne som kjem best ut, til fordel for bussen, trikken eller banen. Saman med Venstre får dei terningkast fem. Framstegspartiet, Senterpartiet og Høgre hamnar nedst, med terningkast to til Frp og ein trear til dei andre. Arbeidarpartiet og KrF ligg midt på treet med terningkast fire.

Eit attraktivt tilbod for reisande
I dag får fylkeskommunane og byane statlege midlar gjennom belønningsordninga.

– Me meiner at ein slik ordning, som stiller krav til auka kollektivtrafikk og redusert bilbruk, er god, men at større prioriteringar i budsjetta er naudsynt. Me meiner òg at tiltak som gjer tilbodet meir attraktivt er naudsynt, som kortare reisetid, skattefritak for kollektivkort betalt av arbeidsgivar og rabattløysingar for ungdom og studentar, fortel Breivik.

LES OGSÅ: – Kina vil byggja ut lyntog i Norden

– Styresmaktene må stille krav

Det er politikarane lokalt og på fylkesnivå som avgjer korleis tilbodet skal vere der du bor, likevel har dei sentrale styresmaktene makta når det gjeld å tildela økonomiske middel og stille krav og retningslinjer.

– Fleire av partia i undersøkinga vår, ynskjer at ansvaret fullt og heilt skal liggja hos dei lokale politikarane, noko som kan gje svært ulike tilbod avhengig av der du bur og kva politikarane vel å prioritera. I undersøkinga vår har vi lagt vekt på sentrale tiltak som fremjar langsiktig og miljøvennlig byplanlegging gjennom auka kollektivtrafikk og redusert bilbruk, difor slår desse partia dårlegare ut, avsluttar kampanjesekretæren.

Faktaboks

Bak Kollektivkampanjen står Yrkestrafikkforbundet, Fagforbundet, Norsk Transportarbeiderforbund, Norsk Jernbaneforbund, Naturvernforbundet, Natur og Ungdom.

Kollektivkampanjen har vurdert partia sin politikk for kollektivtrafikk og redusert bilbruk i byområda.

Partia får desse karakterane:

SV: 5,4
Raudt: 5,2
MDG: 4,8
Venstre: 4,6
KrF: 4,0
Ap: 3,8
H: 3,2
Sp: 3,0
FrP: 2,2
(6 er høgast)

Les heile vurderingsgrunnlaget til Kollektivkampanjen!