Stortingsspirene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Beklagar alt rotet. Av ein eller anna grunn vart det avgjort at lokala våre skal pussast opp midt i valkampen.

Prableen Kaur syner oss rundt i AUF sine kontor på Youngstorget. Den 20 år gamle jusstudenten er stortingskandidat for Arbeiderpartiet i årets val. Om ho kjem inn, vert ho den yngste stortingsrepresentanten i historia.

I lokala virrar folk rundt med raude t-skjorter. Nokon held møter, andre er i ferd med å finne fram drops, buttons og anna materiell til dagens aksjonar utanfor førehandsstemmestasjonane i sentrum.

Medan studentar flest er i ferd med å finne attende til lesesalane, er starten på semesteret langt meir hektisk for Kaur. Ho går på sett og vis opp til skriftleg og munnleg eksamen kvar einaste dag. I både kronikkar og debattar freistar ho å få sin bodskap ut til Oslos og resten av landets befolkning. Sensuren får ho på valdagen 9. september.

– For min del starta valkampen den siste veka i juli, seier Kaur, og fortel om lange dagar som gjerne startar i 5-6-tiden på morgonen.

LES OGSÅ: Fleire fleirkulturelle på veg mot Stortinget

–Skulle trent oftare
Trass i si korte fartstid er ho allereie ein profilert arbeidarpartipolitikar. For to år sida vart ho vald inn til bystyret i Oslo, og i årets stortingsval stiller ho på åttande plass på Oslo Ap si liste. Om Arbeidarpartiet får nok oppslutting til å fortsetje som regjeringsparti etter valet, vil fleire av representantane frå Oslo verte statsrådar, og stortingsdørene vil opnast for Kaur.

Me tek heisen ned til første etasje og slår følgje med Kaur og tre AUF-arar som arrangerer aksjon på St. Hanshaugen. For Kaur har semesteret akkurat starta, og så langt har ho delteke på to førelesningar.

Korleis får du tid til både studiar og politikk?
– Eg må jo sjølvsagt prioritere og kan ikkje alltid vere like sosial eller alltid vere med på fest. Mitt politiske engasjement byrja som ein hobby, og no har den hobbyen blitt veldig stor. Då er eg nøydd til å droppe andre ting og kan ikkje gjere alt like mykje.

– Sånn som å trena, seier Kaur og peiker mot Sentrum Athletica, treningsstudioet til SiO, som me passerer på veg oppover Ullevålsveien.

– Det skulle eg gjerne gjort oftare.

LES OGSÅ: Tøffe nominasjonskampar for AUF

Bobleliv
I Venstres Hus er lokala i ferd med å fyllast med morgondagens Skei-Grandar. Vonfulle politikarspirer skal drillast i debatteknikk og partiets ideologi.

– Hugs at slagordet vårt er «folk først», formaner stortingskandidat Daniel Heggelid Rugaas for ei konsentrert forsamling. Etter å ha terpa på presentasjonsinnlegg, dannast det ein fiktiv paneldebatt der Høgre og Arbeidarpartiet er representert. Med klar røyst og rak rygg fyrer deltakarane laus mot kvarandre.

Sidan historiestudenten Rugaas meldte seg inn i Unge Venstre i 2005 har han nytta mykje tid til politikken. No ligger han på fjerdeplass på Oslo Venstre si stortingsliste.

Helger og fritid har vorte nytta til nettopp debattskoleringar og seminar.

– Det kan fort verte «boblete». Eg bur med vener frå heimtraktene og likar å ha den forankringa, som på ein måte er upolitisk. Eg prøver ironisk nok ofte å halde det hemmeleg at eg er politisk aktiv, som då eg starta på master i historie. Det kan fort verte veldig dominerande i måten andre møter ein på.

LES OGSÅ: Skei Grande mest ivrig på talarstolen

Mellom moderpartiet og ungdommen
Rugaas fortel at han prøver å tone ned valkampen på Facebook-profilen.

– Det finnast politiske dyr som lever og andar for politikken. Eg tykkjer det er kjempegøy, men nokre gonger er det fint å vere litt anonym. Når folk som ikkje er politisk aktive, får vite at eg har eit politisk engasjement, vil dei ofte diskutere. I politikken er det uunngåeleg med personfokus. Men eg har ikkje lyst til å vere «han politiker`n» alltid. Det er ikkje alltid gøy å hamna midt i ein diskusjon når eg er på fest eller tek ei øl.

Trass i at Rugaas medvitent har vald å skrive master om eit tema han ikkje får bruk for som politikar, meiner han at studiane kan bidra med nyttige perspektiv.

– Historia er ei nyttig lupe for å sjå på kor smått ting kan vere i debattane, spesielt når dei handlar om prinsipp. Når me snakkar om overvakingssamfunnet, til dømes. Men det har ikkje vore nokon direkte samanheng for min del. Eg har ikkje studert historie for å verte politikar eller den andre vegen.

Rugaas meiner at han kan fungere som eit slags bindeledd mellom Unge Venstre og det moderpartiet.

– Ungdommen… Ungdommen, gjentek han og smakar på ordet som om han ikkje heilt veit om han sjølv fell inn i kategorien.

– Dei er flinke til å avsløra folk som berre pratar, til dømes. Dei er flinke til å ta folk om dei er ueinige. Unge Venstre er ein bra opposisjon å ha i Venstre. Ikkje minst er dei er viktige for miljøsaka, spesielt no som Miljøpartiet dei Grøne har vind i segla.

LES OGSÅ: Kjempar for å få fleire unge veljarar

Ikkje usannsynleg med stortingsplass
Den 25-årige historiestudenten er no høgt oppe på lista, rett bak prominente Venstre-politikarar som partileiar Trine Skei-Grande, nestleiar Ola Elvestuen og Guri Melby.

Til stor overrasking, ifølgje han sjølv.

– Ja, det var veldig overraskande. Me var ikkje så mange, men me var godt organisert. Det var meg og nokre til som passa på å snakka med flest mogleg folk før Oslo Venstre hadde sine nominasjonsrundar.

For Rugaas er det trua på at enkeltmennesket kan gjere ein forskjell, som er drivkrafta til å halde på med politikk.

– Om eg kjem inn på Stortinget, kan eg foreslå lovendringar – ta debatten, og då er det mange problemstillingar eg kan reise som elles kanskje ikkje hadde vorte drøfta.

Rugaas er ikkje typen til å ta sigerar på forskot. Ein stortingsplass etter valet er ikkje «heilt usannsynleg».

– Om me får inn to frå Oslo, og Venstre dannar regjering med Høgre og KrF, er det ikkje unaturleg at partileiar og nestleiar vert statsrådar. Og då vert eg stortingsrepresentant, seier Rugaas.

LES OGSÅ: Venstre ynskjer meir nynorsk i alle fag

Skal representere heile befolkninga
På toppen av St. Hanshaugen har forsiktig duskregn gått over til kraftig regn, og sjølv det velsmurde valkampmaskineriet til Arbeidarpartiet må melde pass. Aksjonen vert innstilt, og me søkjer ly under nokre beskyttande trekroner.

Det siste året på vidaregåande vart Kaur vald inn til bystyret i Oslo. Ein kombinasjon som gjekk fint, ifølgje Kaur, sidan ho slutta på skulen ein time før bystyremøta starta.

–I starten rotet eg meg ofte bort i rådhusbygget, og måtte læra meg kledekodane, til dømes. Når ein er heilt ny, er det mykje å læra.

Sjølv ser Kaur på alderen sin som ein styrke, fordi ho kjenner mange av utfordringane knytt til det å være ung på kroppen. Anten det dreier seg om studiekvardagen, kor vanskeleg det kan vere å finne ein rimeleg stad å bu eller arbeidsmogelegheiter.

– Sjølv om dei mellom 0 og 18 år ikkje har stemmerett, skal Stortinget representera heile befolkninga. Og då er det ein fordel med unge representantar som hugsar kvardagen til denne gruppa betre enn det eldre representantar kanskje gjer. Sånn sett kan eg bidra til å sette eit ungt avtrykk på politikken.

At folk kommenterer alderen, er ho godt van med.

– Det at folk seier at eg er ung – ja, det er veldig hyggeleg at dei er oppteken av alderen min. Men eg tykkjer ikkje at den er ei avgrensing. Avgrensingane er det eg som finn på sjølv og set for meg sjølv.

LES OGSÅ: AP på rikingtoppen før valet

– Tala betyr noko
Kaur fortel at det politiske ofte glir over i det sosiale. Ho svarar både ja og nei på spørsmålet om det politiske engasjementet er vorte ein livsstil.

– Eg trivest veldig godt med politikken. Eg har mange vener som er politisk aktive, men òg vener som ikkje er det. Det er viktig å ha ein balanse, sånn at eg ikkje snakkar og tenkjer politikk heile tida. Eg trur ikkje det er bra for helsa.

– Mange tenkjer nok at politikarar er keisame menneskjer som berre gjer keisame ting. Det kan fort verte litt tørt til tider, det skal eg medgje. Det er ein god del sakspapir, budsjett og tal.

Lite tyder likevel på at Kaur kjem til å verte lei av politikk om ho vert stortingspolitikar etter valet.

– Men alle tala betyr faktisk noko. Det er mange menneskeliv, klasserom og sjukeheimsplassar som skjuler seg bak tala, sjølv om det kan kjennest keisamt og tungt somme tider.

Saka var først publisert i Universitas.

Faktaboks

Stortingsvalet 2013

·         Over 3,6 millionar nordmenn har stemmerett. Det skal veljast 169 representantar fordelt på Noregs 19 fylker.

·         Ved valet stiller til sammen 21 parti eller lister. 13 parti har vallister i alle fylker.

·         Talet på mandatar fra kvart fylke er endra frå valet i 2009 for å følgje befolkningsutviklinga.

·         Fem fylker har missa eitt mandat kvar, og desse er fordelt på fire andre fylker. Oslo har fått to nye og vel i alt 19 mandater.

·         Det er mogleg å førehandsstemme i alle kommunar, og i nokre kommunar er det òg mogleg å førehandsstemme via internett. Oslo er ikkje ein av desse.

Kjelde: regjeringen.no

Prableen Kaur

·         20 år

·         Studerer rettsvitskap

·         På 8. plass på Aps liste i Oslo

·         Sit i bystyret

·         Kan verte den yngste representanten på Stortinget

Daniel Heggelid Rugaas

·         25 år

·         Studerer historie

·         På 4. plass på Venstres liste i Oslo

·         Har vore sentralstyremedlem og nestleiar i Unge Venstre