Vil skatta miljøsyndarane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Intervjuet var først i Universitas, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

– Nyleg kom det ei oversikt frå SSB over norske klimagassutslepp. Den syner at me ikkje har klart å kutta utsleppa våre dei siste åra. Det har EU klart. Kva kjem det av?

– Auka forbruk og auka inntekter er viktige pådrivarar for auka utslepp. Og me har hatt begge deler i Noreg. Det er nok ein del av grunnen til at me ikkje har klart å kutta utsleppa våre. Over ein 10-20 års periode så vil me sjå at Noreg ikkje har redusert utsleppa så mykje, men kanskje heller auka dei.

LES OGSÅ: – Prisen for å nå togradersmålet er beskjeden

– Den amerikanske økonomen Paul Krugman har skrive at det er brei semje blant miljøøkonomar at trusselen frå klimaendringar kan løysast ved å skattlegga karbonutslepp. Er du einig?

– Eg trur det blir vanskeleg å få til ei klimaløysing utan grøne skattar, og det er nok eit ønskje frå nesten alle økonomar å få på plass ei tilstrekkeleg høg avgift på CO2-utslepp over heile verda. Ei slik avgift vil hjelpa fornybar energi til å utkonkurrera fossil energi, og det vil gi sterke insentiv til teknologiutvikling.

Men det er ikkje nok at EU og USA gjer det. Det er i utviklingslanda dei store utsleppa kjem i framtida. Til dels grunna folkevekst, og til dels grunna inntektsvekst.

LES OGSÅ: Stortinget stemte ned brems i oljeforsking

– Kva er grøne skattar?

– Grøne skattar er avgifter som skal påverka folk i ei miljøvenleg retning. Eit døme er CO2-avgifta. Ein kan også sei at eingongsavgifta på bilar har ein slik karakter, fordi den er gradert etter kor mykje CO2 og NOX-utslepp dei har.

– Om me skrudde av oljekrana i morgon, kva ville konsekvensane vore for norsk økonomi?

– Det ville hatt dramatiske konsekvensar. Ikkje med ein gong for inntektene våre, fordi alle oljeinntektene våre går inn i petroleumsfondet, men verknaden ville ha treft leverandørsida av oljeindustrien. Det ville starta ei kraftig omstilling. Men det er nok å bestemma at Noreg sluttar å investera på sokkelen. Det ville hatt ein kraftig effekt på norsk økonomi.

– Venstre snakkar om grøn vekst, medan Miljøpartiet Dei Grøne seier at økonomisk vekst ikkje er grønt, og vil krympa økonomien. Kan økonomisk vekst gå saman med mindre utslepp?

– Ja, det er mogleg å minka utsleppa samstundes som økonomien veks. Men det er kanskje vanskeleg å ha ei like sterk vekst når ein også skal ta omsyn til miljøet. Me kan redusera utsleppa, samstundes som me har vekst, så lenge me går frå å bruka fossil energi til å bruka fornybar energi.

Om me held oss til klima, så handlar det om å halda energisektoren rein. Det er ei utfordring. Ein kjem eit stykkje på veg med vatn-, vind- og solkraft. Men det er vanskeleg å komma ned til nullutslepp.

Noko anna som er vanskeleg med å gå heilt over til fornybar energi, er at dei er litt upålitelege. Det er dårleg nytt om det plutseleg vart heilt vindstille over heile Europa, og ein samstundes baserer seg på vindkraft. Då må ein ha noko i bakhand, som gasskraft. Men kostnaden av å ha full kapasitet med gasskraft ved sida av vindkraft er svært høg.

Transportbransjen er ei anna utfordring. Elbilar er inga løysing så lenge straumen dei går på ikkje er karbonfri. Dessutan har elbilar eigne utfordringar, mellom anna er batteriproduksjon utsleppssensitivt.  

LES OGSÅ: Nedprioriterer oljemotstand

– Kan det vera økonomisk lønnsam klimapolitikk å lata vera å utvinna fossile ressursar?

– Reint snevert økonomisk, utan å tenka på miljøet, har eg vanskeleg for å sjå det. I alle fall i Noreg. Men i mange land har ein kraftige subsidiar på bruk av fossilt brensel. Då får ein eit ulønnsamt høgt forbruk. I slike situasjonar vil det vera ein vinn-vinn-situasjon der ein kan oppnå ei økonomisk betring, og samstundes betra miljøet ved å fjerna subsidiane.

Så kan ein spørja seg kvifor ein då ikkje gjer det. Grunnen til det, særleg i ein del utviklingsland, er fordelingsverknader. Det er vanskeleg å kompensera dei som blir råka av høge bensinprisar og fyringsutgifter. Det set avgrensingar for kva som vil bli politisk akseptert òg. Det er ein del av miljøøkonomifaget.

– Kva er karbonlekkasje? Står me i fare for at det skjer, om me reduserer utvinninga vår av fossile ressursar?

– Karbonlekkasje skjer når eit land reduserer utsleppa sine, og denne reduksjonen fører til høgare utslepp i andre land.

Utvinning av fossile ressursar gir direkte utslepp på den norske sokkelen, men dei største utsleppa skjer når dei fossile ressursane blir brukt. Derfor seier nokon at me skal lata vera å utvinna, fordi då blir ikkje desse brent andre stader. Men der skjer karbonlekkasjen, fordi utvinningsstoppen vår kan få andre land til å utvinna meir. Det er ei reell problemstilling.

LES OGSÅ: Av olje er du komen