– Prisen for å nå togradersmålet er beskjeden

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vêrvarsel for 2050

Den femte hovudrapporten frå FN sitt klimapanel konkluderer med at det er naudsynt med klimatilpassing og raske utsleppskutt.  Rapporten består av tre delrapportar og ein synteserapport, og det var synteserapporten som kom ut no med både dystre konklusjonar og positivt framtidssyn.

Liknande konklusjonar har sjølvsagt komme tidlegare – og det byrjar å bli vanskeleg å nekta for at noko må gjerast. Det som er nytt i denne rapporten er: Det er heller ikkje så dyrt å gjennomføra endringane som du kanskje trur.

Du kan lesa heile rapporten frå FN sitt klimapanel her, eller så kan du lesa Miljødirektoratet sitt faktaark om rapporten her.

Her er teaseren for synteserapporten, frå FN.

Klimaendringer 2014: Synteserapporten (teaser) from Kunnskapsfilm on Vimeo.

LES OGSÅ: Slik skal me nå lågutsleppssamfunnet

Allereie endra
Det står mellom anna i rapporten at klimaendringar ikkje er noko som kan skje om nokre år – klimaet har allereie endra seg, noko ekstremvêret den siste tida er eit teikn på. No er det på tide å reagera kjapt, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

– Klimapanelet seier at prisen for å nå togradersmålet er temmeleg beskjeden om verda reagerer kjapt, men det er veldig kostbart og farleg å venta, seier Hambro.

Togradersmålet går ut på å hindra at snittemperaturen i verda aukar med meir enn to grader sidan førindustriell tid. I dag har temperaturen på verdsbasis auka med 0,8 grader sidan då – og kurven blir brattare. Nyleg skildra Yr korleis klimaendringane kan påverka vêret her heime med denne fiktive vêrmeldinga frå 2050.

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vera klimaoptimist

5 hovudpoeng
– No har verdas beste klimaforskarar gitt oss ein solid, grundig og konservativ målestokk for den globale innsatsen mot klimaendringar, seier Samantha Smith, leiar for WWF sitt globale klima- og energi-initiativ.

– Sjølv om rapporten skildrar i detalj kor alvorlege konsekvensane av eit ustabilt klima kan vera, syner den og ein klar veg til ei reinare, sikrare framtid, held Smith fram, og presenterer fem hovudpoeng frå rapporten. Dei kan du lesa i faktaboksen til høgre. WWF er World Wide Fund for Nature, ein internasjonal natur- og miljøvernorganisasjon over store deler av verda.

LES OGSÅ: Her er verdas grønaste økonomi

Eit karbonbudsjett

Eit av poenga i rapporten er at verda lever med eit karbonbudsjett, eit nytt mål frå FN. Det syner enkelt og greitt kor mykje karbon me totalt kan sleppa ut for å halda oss under togradersmålet – og konklusjonen er at me allereie har brukt opp to tredjedelar av dette budsjettet.

At havnivået stig har og ofte blitt kasta ut i klimadebatten, sjeldan med konkrete tal å visa til. No står det klart i rapporten – havnivået har stige med heile 19 cm sidan 1901, og det har i tillegg blitt surare. I tillegg til å visa at snittemperaturen har gått opp med 0,8 grader sidan førindustriell tid, syner rapporten at temperaturen kan stiga med så mykje som 4,8 grader om ingenting blir gjort. Konsekvensane av det kan vera store – til dømes heitebølgjer, tørke og ekstremvêr.

Viktigast er vel og konklusjonen om at det ikkje treng å vera så dyrt å gjera endringane som må til – det dyraste er å venta.

– Det handlar om eit val. Me kan anten halda fram som før, og kanskje oppleva katastrofale følgjer av klimaendringane, eller me kan høyra på det forskarane seier og handla deretter, seier dr. Rajendra Pachauri, leiar av FN sitt klimapanel.

LES OGSÅ: Er dette framtidas drivstoff?

– Puttar fingrane i øyra
Klima- og miljødepartementet ser alvoret i rapporten til FN sitt klimapanel, og skriv i ei pressemelding at det no hastar med miljøtiltak.

– FN sitt klimapanel er kanskje verdas største forskardugnad. Panelet gir ei unik oppsummering av status og kva me veit om klimautfordringa. Om me skal nå dei, hastar det. Det er det ingen tvil om. Innan få år må dei globale utsleppa kuttast, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Natur og Ungdom ventar på handling framfor ord.

Samstundes som FN er tydelegare enn nokon gong, ser det ut til at Regjeringa på førehand har bestemt seg for å putta fingrane i øyra for å sleppa å høyra noko særleg meir. Bodskapen frå FN kan ikkje mistolkast – Noreg må kutta oljetempoet. Samstundes legg regjeringa til rette for meir utvinning, seier Tale Ellingvåg, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

Ho håpar og at dei unge blir tatt meir på alvor i klimakampen.

– Me ungdommar er dei som uroar oss mest for klima og framtida. Regjeringa er ikkje ei ungdomsregjering når dei styrkar denne uroa og byggjer eit land me ikkje kan bu i. For å skriva om ei gamal skuleregla: Det er betre med eit kutta oljetempo i handa enn meir ekstremvêr på taket, seier Ellingsvåg.
I desember blir det holdt Partskonferanse i Lima med klimaforhandlingar mellom verdsleiarane i FN.

LES OGSÅ: Venstre vil gje 10 mill. til økoskulen

Faktaboks

WWF sine fem hovudpunkt frå klimarapporten:

Verda har råd til å kjempa mot klimaendringar. Det vil verken knebla økonomien eller stoppa utvikling – tvert imot. Det som er klart er at manglande handling blir langt dyrare, sjølv i konservative utrekningar.

Det er ikkje for seint å stoppa katastrofale klimaendringar. Rask, bestemt handling for å til dømes gå vekk frå fossile drivstoff kan halda temperaturen på verdsbasis innan togradersmålet.

Det finst eit karbonbudsjett – ei grense på kor mykje me kan sleppa ut – og me har allereie brukt mesteparten. På verdsbasis må utslepp gå ned raskt, ned til null rundt 2050.

Å tilpassa seg klimaendringane er viktig, men veldig begrensa. Utan umiddelbar handling vil det ikkje vera nok å tilpassa seg klimaendringane for å beskytta liv.

Å kutta utslepp reiser spørsmål om likheit og rettferd. Gjer me ingenting, kan det hindra arbeid for å fjerna svolt og fattigdom. Me legg og igjen ei nærast umogleg oppgåve til generasjonane som kjem etter oss.

Kjelde: WWF.eu