Ti grunnar til å vere klimaoptimist

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor kan du vere klimaoptimist

Til og med Jahn Teigen kan få seg ein knekk av å følgje med på nyhende om klima. Dei siste månadane har verda nådd nok ein milepåle – juni var den tredje månaden på rad der CO2-konsentrasjonen i atmosfæren var over 400 delar per million (ppm).

Det er første gong i historia at ein måler så mange veker på rad med så mykje CO2 i atmosfæren.

LES OGSÅ: Bekymra for breane

Talsperson i Grøn Ungdom, Lage Nøst, er ikkje overraska over utviklinga.

– At CO2-nivået er blitt så høgt er del av ein trend. Vi har ikkje sett det naudsynte vendepunktet i klimapolitikken, og då vil denne trenden halde fram. Eit sunt klima kan tole maks 350 ppm, og difor er dette ein skummel milepåle, som inneber at vi ikkje berre må kutte utslepp, men også hente ut CO2 frå atmosfæren, seier Nøst.

Klimaoptimist?
At klimaet endrar seg byrjar å bli gamalt nytt. Tidlegare i år åtvara Rajendra Pachauri, leiar i FNs klimapanel, om at ingen ville sleppe unna endringane.

Det er likevel ingen grunn til å avvise dei evige optimistane heilt endå. The Guardian listar denne veka opp ti grunnar til å ikkje miste trua. Sjå grunnane nedst i saka!

Og The Guardian er ikkje åleine. Også Nina Jensen i WWF har denne veka peika på grunnar til å vere klimaoptimist, deriblant den ‘fornybare revolusjonen’.

Nøst i Grøn Ungdom kan kallast ein nøktern optimist.

– Den energiomstillinga og utviklinga vi ser i teknologi og næringsliv er veldig bra. Det er i tråd med tidsånda og eit grønt skifte er undervegs. Men utfordringane er framleis så massive at optimismen ikkje kan bli ei kvilepute. Eg vil bruke desse ljospunkta som ein motivasjon til å handle politisk, seier talspersonen.

Han peikar på at 80 prosent av energiforbruket i verda framleis kjem frå fossile kjelder.

– Kanskje kan denne optimismen få folk til å skjønne at vi faktisk kan gjere noko. Eg håpar det vil motivere folk til å velje politikarar som tør leggje kraft bak orda sine.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redde verda

Ti grunnar til å vere optimist
Her er The Guardians ti gode klimanyhende.

1. Obama har gjort klima til ei merkesak
Den amerikanske presidenten starta presidentskapen med å love å kjempe mot klimaendringar. I byrjinga av juni la Obama-administrasjonen fram sin mest ambisiøse klimaplan så langt, til kraftige protestar frå høgresida i amerikansk politikk. Etter planen skal USA redusere CO2-utslepp frå eksisterande kraftverk med 30 prosent dei neste åra.

2. Kina stenger kullkraftverk
Kina står for verdas største utslepp av klimagassar. Berre eit døgn etter at Obama la fram sin klimaplan, uttala klimarådgjevar He Jiankun i den kinesiske regjeringa at Kina vil innføre eit absolutt tak for CO2-utslepp i femårsplanen frå 2016. Dette er første gong eit slik løfte har kome frå så høgt hald i Kina.

Sjølv om Jiankun seinare måtte trekkje tilbake uttalingane, har dei leia til håp. Regjeringa har nyleg gitt ordre om å stenge fleire kullkraftverk i laupet av dei komande åra. Dersom desse endringane blir gjennomført, kan det trekkje utsleppa i Kina ned på nivået tilråda av det Internasjonale energibyrået.

3. Solenergi vert billegare
I laupet av dei siste seks åra har kostnadane knytt til solenergi falle med to tredjedelar. Dette har skapt ein stor auke i den private marknaden for solenergi.

4. ‘Divesterer’ i fossile brennstoff
Etter at den såkalla divestment-kampanjen starta for over eitt år sidan, har mange borgarar, institusjonar og investorar trukke pengane sine ut av olje- og gasselskap. Liknande kampanjar har tidlegare vore brukt mot apartheid i Sør-Afrika og tobakkselskap, men denne gongen går det raskare.

Her heime har banken Storebrand totalt fjerna 40 selskap for anten kol, oljesand eller palmeolje frå sine investeringar for å redusere sitt fossile fotspor.

5. Bangladeshiske kvinner vert sol-teknikarar
Kvinner i Bangladesh som har levd utan tilgang på elektrisitet, har fått skulering i solenergiteknologi. Landet har no den raskast veksande solenergisektoren, og kring to millionar hushald gjer nytte av solenergi.

LES OGSÅ: – Endre systemet, ikkje klimaet

6. Ein fornybar revolusjon?
Fallande teknologiprisar, innovasjon og nokre regjeringsiniativ har ført til at fornybar energi utgjer ein stadig større del av den globale kraftforsyninga. I 2013 vart det investert fem gongar så mykje i fornybar energi som i 2004.

Prisane på straum produsert med solceller er no lågare enn enn straum frå andre kjelder i minst 79 land. Innan 2020 vil 80 prosent av verdas befolking leve i område der straum frå solenergi kan konkurrere økonomisk med straum frå andre kjelder, skriv generalsekretær i WWF, Nina Jensen, i ein kronikk.

7. Europeiske heimar brukar mindre energi
Den billegaste måten å få ned utsleppa på, er å spare energi. Dette har styresmakter over store delar av verda skjønt, og i EU har energiforbruket gått ned med 15 prosent sidan år 2000.

LES OGSÅ: Ungdom er klima-optimistar

8. Å kutte utslepp har blitt eit mål i seg sjølve
Ein WWF-rapport fann nyleg at 53 leiande amerikanske selskap har kutta sitt karbonfotavtrykk med 58 millionar megatonn i 2012. Det tilsvarar om lag dei totale utsleppa til Peru. Energisparande tiltak utgjorde den største skilnaden, men også eit skifte til fornybar energi spela ei rolle. Ifølgje The Guardian er desse tiltaka ikkje berre effektive, men har også blitt ei norm for selskapa.

9. Det vert dyrare å finne olje
Dei økonomiske utfordringane for oljebransjen aukar. Store selskap som Chevron, Exxon Mobil og Royal Dutch Shell har alle hatt ein nedgang i produksjonen i høve til kostnadane, og ser budsjetta blir strekte i forsøk på å hente ut olje- og gass frå krevjande område.

I Arktis har til dømes Shell lagt utforskinga på is, og mange selskap har utelukka området i føreseieleg framtid. Eit unntak er det russiske oljeselskapet Gazprom.

10. Dobling i salet av elektriske bilar
Sidan 2011 har salet av elektriske bilar blitt dobla årleg. I Noreg er éin av hundre bilar no elektriske, og marknaden er i vekst i USA, Japan og Kina.

LES OGSÅ: Det store klimaspelet