Vil halde på skatten sjølv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utkledde som piratar ynskjer dei å samle inn nok underskrifter til at saka deira vert tatt opp i kommunestyret.

– Ei skatteparadisfri sone vil seie at kommunen sørgjer for at ingen av deira leverandørar av produkt og tenester snyltar på skatten ved bruk av skatteparadis, fortel Mari Hasle Einang, leiar i gruppa.

Sunnmøre Folkehøgskule gjorde nyleg eit liknande forsøk i nabokommunen Ulstein, utan noko resultat enda, og ein liknande prosess ser vi også at Tromsø inne i.

Ingen norske kommunar har i dag erklært seg som skatteparadisfrie soner, men i Sverige har fleire kommunar allereie støttar saka.

Tap av pengar til det offentlege
«Ein milliard menneske i verda lever i ekstrem fattigdom. Ein av årsakene til dette er at internasjonale selskap skjuler sin forteneste i skatteparadis. Eit eksempel er kontinentet Afrika der 160 milliardar dollar årleg forsvinn ut, truleg til skatteparadis», skriv Volda Changemaker i brevet og underskriftskampanja til politikarane.

– For oss her i landet, så har det konsekvensar, då vi ikkje veit kor mykje skatt vi misser. Pengar som skulle vore brukt til utdanning, omsorg, kultur og så vidare, legg Maria Paulen til. Ho tvilar ikkje på at det kanskje også kan ha gått ut over Volda kommune direkte.

LES OGSÅ: Ber Giske setja ned stigen

Brev til politikarane
– Vi ynskjer ei offentleg erklæring, og at kommunen oppfordrar alle sine leverandørar til å unngå skatteparadis. Ein kan forsikre seg mot svindel som dette ved å krevje rapportering av forteneste og kor mykje skatt selskapa betalar i kvart enkelt land dei opererer i, fortel Einang.

Framtida har snakka med to sentrale politikarar i kommunestyret. Helge Hamre frå Venstre og Gunnar Strøm frå Sosialistisk Venstreparti, begge var dei svært positive til engasjementet;

– Vedtaket burde vere realistisk å få gjennom. Men vi er heilt avhengig av å få med resten av kommunane i landet, skal vi snakke om noko effekt, fortel Hamre. Han påpeikar at innbyggjarinitiativ ved underskrifter står svært sterkt, men ser ikkje vekk ifrå at dei uansett kan ta dette opp som ei sak i kommunestyret.

Strøm er enda tydelegare på at han ynskjer å støtte vedtaket:

– Det å kvitvaske pengar er ikkje berre umoralsk, det er kriminelt. Det skal bli spanande å sjå kvifor andre politikarar i Volda eventuelt vil gå imot dette, uttrykkjer han.

LES OGSÅ: Krev meir moral frå Oljefondet

Opplevde fattigdommen i Kenya
I påska reiste jentene med Changemaker til Kenya, der dei fekk oppleve fattigdom på nært hald. Her henta dei mykje av engasjementet sitt.

– Vi er oppteken av rettferdig og miljø, og i Changemaker er det både moro og svært enkelt å engasjere seg. Ei kampanje som dette er viktig fordi det går ut over oss alle, fortel Paulen.

LES OGSÅ: Fleire lovar Robin Hood-skatt

Held fram skattejakta
Allereie har Volda Changemaker samla inn rundt 60 underskrifter, men enda fleire treng dei om saka skal opp i kommunestyret.

– Planen vidare er å ha enda ein aksjon for å samle inn fleire underskrifter og snakke med fleire politikarar, fortel Einang. Alt har dei snakka med nokre lokalpolitikarar dei kjenner og fått med seg ungdomsrådet på laget.

Sjå underskriftsaksjonen som Changemaker vil senda til Volda Kommune!