Krev meir moral frå oljefondet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som innstilt av fleirtalet i nominasjonskomiteen, fekk ho større støtte enn motkandidaten til leiarvervet frå dei over 60 delegatane under ungdomsorganisasjonens årssamling på Toten i helga.

– Eg er glad for tilliten, og gler meg veldig til å få leie denne herlege gjengen med kreative og kunnskapsrike ungdommar som brenn for å forandre verda, seier Aas Borge.

Det siste året har Ingrid vore nestleiar i Changemaker, etter å ha hatt mange ulike verv i organisasjonen dei siste fem åra. Ho har elles ein bachelor i Afrikanske studiar og sosialantropologi, og vore eit semester i Tanzania gjennom utvekslingsprogrammet til Kirkens Nødhjelp.

Etikk framfor butikk i oljefondet
I juni tek Aas Borge over roret, og då sparkar Changemaker i gang ein stor kampanje for å forandre den etiske forvaltinga til Statens Pensjonsfond Utland (oljefondet). I dag kjem oljefondets Etikkråd med tilrådingar om å trekke seg ut av selskap som bryt menneskerettar, men dei blir ofte trenert og politisk overprøvd av Finansdepartementet som sit med makta.

LES OGSÅ: Ber Giske setja ned stigen

– Oljefondets investeringar har profitt som øvste rettesnor, og i jakta på meir pensjonspengar til oss, har det dessverre ofte forferdelege konsekvensar for fattige menneske i Sør. Det er på tide å gje oljefondets Etikkråd myndigheit til å trekke fondets investeringar når dei bidreg til å bryte menneskerettar, seier Ingrid Aas Borge.

Kva meiner du? Bør det setjast strengare etiske krav til kvar oljepengane blir investert?