Vi får slike rastlause sjeler

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noko hadde endra seg i hovudet til skribenten Nicholas Carr, og endringa var ikkje til det betre. Han klarte ikkje lenger å tenkje på same måten som før, og verst var det når han skulle lese. Den gamle evna hans til konsentrasjon var borte.

Carr sette seg ned og sette ord på det som hadde skjedd med han, og han skreiv: «Å fordjupe meg i ei bok eller ein lang artikkel brukte å vere lett.» (…) «No misser eg ofte konsentrasjonen etter to eller tre sider. Eg blir uroleg, misser tråden, byrjar å sjå etter noko anna å gjere. Det kjennest som om eg alltid må slepe den løpske hjernen min attende til teksten. Den djupe lesinga som før fall seg naturleg, har blitt ein kamp.»

Kva var grunnen til dette? Jau, nettet. Langvarig og intensiv internettbruk hadde ikkje berre endra lesemåten hans, men måten hjernen hans fungerte på, konkluderte Nicholas Carr.

TEMA: Les fleire artiklar om nettet og nettkultur!

Sjølvgranskinga til Carr vart publisert som eit essay i tidsskriftet Atlantic Monthly i 2008, under den misvisande tittelen «Is Google Making Us Stupid?» Essayet til Carr handla ikkje om at vi blir dumme av søkjemotoren Google, men om verknadene av langvarig internettbruk generelt. Og han trefte ein nerve: Responsen på essayet har tydeleg vist at svært mange kjenner seg att i dei fenomena Carr skildrar. Dermed bygde han vidare på ideane frå Atlantic Monthly-essayet, og i juni i år kom boka The Shallows. What the Internet Is Doing to Our Brains, der Carr utdjupar poenga sine og underbyggjer dei med vitskaplege funn, ikkje minst frå nevrologisk forsking.

Adjø til Robert Musil
Denne journalisten er ein av dei som kjenner seg att i skildringane til Carr – og eg blir bekymra av forklaringane hans av kva internettet gjer med hovuda våre. Eg har sjølv brukt nettet nesten dagleg i femten år. Som arbeidsreiskap er sjølvsagt nettet noko nær uunnverleg for ein journalist. Det er ei særs effektiv og nyttig informasjonskjelde, anten ein skal skaffe seg eit raskt og overflatisk oversyn over eit nytt felt, spore opp sitat eller finne spesifikke opplysningar.

Men i løpet av desse åra har eg òg merkt at evna mi til å sitje i ro og lese konsentrert i timevis i ei bok har blitt dramatisk redusert. Når eg prøver på dette, blir eg fort rastlaus, og eg får stadig lyst til å gå inn på nettet for å sjekke ting eg les eller forfølgje ein assosiasjon. For all del: Det er ikkje umogleg å lese bøker, men det har blitt langt vanskelegare enn det var. Og forsøka mine på å kome meg gjennom Mannen uten egenskaper er no skrinlagde for godt – eg kjem meg visst aldri forbi side 30.

Dette handlar ikkje berre om bøker, heller: Sjølv medan eg ser fjernsyn, kan eg få lyst til å distrahere meg sjølv ytterlegare ved å surre rundt på nettet via laptopen på fanget. Aldring er ikkje noka plausibel forklaring på desse fenomena, evna til å sitje stille og konsentrere seg om ei bok – eller Dagsrevyen – er ikkje noko som taper seg nemneverdig med åra. Noko har skjedd.

Pregar hjernen
«Vi er ikkje berre det vi les. Vi er måten vi les på», seier utviklingspsykologen Maryanne Wolf, ei av kjeldene Nicholas Carr stør seg på i essayet sitt. Wolf har forska på forholdet mellom lesing og utviklinga av menneskehjernen, og ho peikar på at måten vi les på, pregar sjølve den nevrologiske strukturen i hjernane våre. Dei som les kinesiske skriftteikn, har til dømes heilt andre strukturar for koplingane i hjernen enn dei som nyttar det vestlege alfabetet. Desse skilnadene får òg konsekvensar for minnefunksjonen og for korleis vi tolkar visuelle og lydlege stimuli.

QUIZ: Bruk nettet til å testa kunnskapane dine!

På same vis kan vi trygt gå ut frå at det å lese tekst på internettet, med alle sine lenkjer og potensielle distraksjonar, der heile verda alltid berre er eitt klikk unna, pregar hjernane våre på andre måtar enn bøker og aviser. Leseteknologiane våre er meir enn berre reiskapar. Dei pregar oss grunnleggjande ved å forme tenkjemåtane våre. Og ulikt det ein før har trudd, er menneskehjernen på mange måtar svært plastisk også i vaksen alder. Med andre ord: Det er aldri for seint å bli ein rastlaus, ukonsentrert nettslave.

Dårleg minne
Når nokon reiser kritikk mot moglege skadeverknader av ny medieteknologi, er det eit knippe sarkastiske historiske referansar som alltid dukkar opp. Sokrates åtvara (ifølgje Platon) om forfallet som skrivekunsten medførte, fordi folk ikkje trong å memorere ting lenger. På 1600-talet klaga Robert Burton over alt kaoset og forvirringa som trykte bøker skapte. Da telegrafen kom, frykta medisinarar at folk ville bli galne av å bli bombarderte med telegram. Og så vidare.

Men anten ein er kulturpessimist eller kulturoptimist, må det vere i alles interesse at vi forstår omfanget og karakteren til dei endringane i lese- og tenkjeevne som nettet og andre digitale medium bringer med seg. Og førebels er dette studert og forstått i ganske liten grad. Men etter å ha sett seg inn i det meste av kunnskapen som til no finst på feltet, har Nicholas Carr landa på den pessimistiske sida. På somme måtar ser nettet faktisk ut til å gjere oss dummare:

– Vi les dårlegare på nettet enn på papiret, fordi mikrosekunda vi bruker til å vurdere om vi skal klikke på andre lenkjer stel kognitiv kapasitet

– Dei mange typane stimuli på nettet får oss til å hugse dårlegare kva vi les

– Overbelastinga av korttidsminnet som nettbruk medfører, hemmar langtidsminnet

Lesinga og læringa vår via nettet er langt meir overflatisk enn den vi gjer frå papir, hevdar Carr, som kallar internettet «ein teknologi for gløymsle». Problemet er ikkje at nettet er dårleg tilpassa dei medfødde evnene til mennesket, heller tvert imot. Det er evna til djup konsentrasjon som ikkje fell seg naturleg for mennesket, og som må trenast opp – til dømes ved å lese tjukke bøker. Som levande, sansande vesen er vi notorisk lette å distrahere, vi er utrusta for å vere på vakt i tilfelle det dukkar opp ny og viktig informasjon.

Er det så gale?
Essayet og boka til Carr har ikkje blitt udelt positivt motteke. Mange kritikarar har skulda han for overdriven teknologipessimisme: Meldaren i New York Times hevda til dømes at «overvekta av vitskaplege bevis tyder på at internettet og beslekta teknologi faktisk er bra for tenkinga vår». Men døma meldaren viste til, undergrov ikkje eigentleg hovudargumenta til Carr. At det å spele dataspel fører til raskare informasjonbearbeiding, er til dømes ikkje spesielt overraskande. Heller ikkje at hyppig bruk av Google styrkar evna til sortering og selektiv merksemd. Det er heilt plausibelt at dei som brukar internettet mykje, blir raskare og dyktigare til å leite opp informasjonen dei treng.

Andre kritikarar av Carr har peika på at det ikkje utan vidare er nokon tragedie om vi misser evna til å lese tjukke romanar heller. Som medieforskaren og internettguruen Clay Shirky har skrive: «Krig og fred er for lang og ikkje spesielt interessant.»
Det kan så vere. Men om vi misser evna til å lese Krig og fred, om vi misser evna til den fordjupinga det krev å lese slike bøker, misser vi truleg noko meir på vegen. Det vil vere del av svært omfattande mentale endringar. Om summen av dei endringane blir positiv eller negativ, veit vi ikkje på lenge enno.

I essayet sitt viser Nicholas Carr sjølv til den nemnde Clay Shirky, som har peika på at storparten av åtvaringane mot trykkjekunsten i si tid var heilt på sin plass: Dei billege bøkene og andre trykksaker undergrov faktisk makta til kyrkja, dei spreidde syndige tankar og opprørske idear – nett slik skeptikarane hadde sagt. Men trykkjekunsten bragte med seg vinstar som få ville vore forutan i dag.

Kanskje vil dei hyperaktive, datapakka sinna våre produsere ein intellektuell gullalder, skriv Carr. Men han tviler på det utfallet, og åtvarar: Om vi misser dei stille romma som den djupe, konsentrerte lesinga kan gje oss, misser vi noko viktig både i oss sjølve og i kulturen.

LES SAKA I DAG OG TID!

Kva meiner du? Blir ein dummare av å surfa for mykje? Del tankane dine i kommentarfeltet!