Varmaste tiår i historia

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

13 av dei 15 siste åra har vore dei varmaste som nokon gong er blitt registrert. Det viser WMOs årsrapport om klimatendensar og ekstremvêr som blei presentert på klimatoppmøtet i Durban i Sør-Afrika tysdag.

– Vitskapen er solid og viser eintydig at verda blir varmare og at dette er ei følgje av menneskeleg aktivitet, seier generalsekretær i WMO, Michel Jarraud.

Pakistan, Guatemala og Colombia topper lista over landa som vart hardast ramma av ekstremvær i 2010.

Klimatoppmøtet er ein lakmustest
Dei internasjonale klimaforhandlingane held fram på overtid på klimatoppmøtet i Durban i Sør-Afrika, to år etter at forhandlingane om ein ny, internasjonal klimaavtale i utgangspunktet skulle konkludere. Heller ikkje på toppmøtet i Durban er det venta at forhandlingane blir avslutta.

Eit av fleire store konfliktstema på toppmøtet ligg i framtida til Kyoto-avtalen. Det einaste juridisk bindande instrumentet som finst for å trygge at store, industrialiserte utsleppsland reduserer eigne klimagassutslepp, er under press fra fleire hald. Ved utgangen av 2012 går den første pliktperioden av avtalen ut. Dersom han blir vraka, vil det auke tillitsgapet mellom utviklingsland og rike land, og antakeleg gjere at ein seinare, ny klimaavtale blir både lausare og svakare enn dagens regime. I slaget om Kyoto-avtalen står difor heile oppdrifta i klimaforhandlingane på spel.

– Kyoto-avtalen er lakmustesten på viljen til dei rike landa til å ta sitt historiske ansvar for klimaproblemet, og vere eit godt eksempel for andre. I Durban må Norge og EU gå i første rekkje med å påta seg ein ny pliktperiode under Kyoto-avtalen, slik utviklingslanda krev, seier Ola Skaalvik Elvevold, leiar i Natur og Ungdom.

 

– Det er framtida vår det handlar om

Ta klimaquiz her

Trur du at toppmøtet i Durban fører til noko? Diskutèr i kommentarfeltet under!