– Det er framtida vår det handlar om

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kari-Anne Isaksen (25) frå Spire er valt ut av Landsrådet for Noregs Barne- og Ungdomsorganisasjoner (LNU) til å representera norsk ungdom på klimatoppmøtet i Durban. På den måten skal ho representera 99 norske barne- og ungdomsorganisasjonar med tilsaman ein halv million medlemmar i klimaforhandlingane til FN.

– Ungdom klarar å bli samde
Medan klimaforhandlingene tilsynelatande står i stampe, klarar ungdomar frå ulike organisasjonar og mange ulike land å bli samde om felles standpunkt.

Ungdom frå heile verda samarbeider i det internasjonale nettverket YOUNGO.

QUIZ: Prøv deg på Den store klimaquizen!

Denne helga, før klimatoppmøtet startar på måndag møtest ungdom i Durban for å ferdigstilla felles posisjonar og leggja strategi for deltakinga deira i klimaforhandlingene 28. november til 10. desember.

– Det er svært viktig at ungdom er tilstades under klimaforhandlingane, fordi dette handlar om framtida vår. I tillegg har vi vist at ungdom klarar å samarbeide på trass av at vi kjem frå ulike organisasjonar og ulike land. No vil vi jobba for at ungdom blir høyrt i forhandlingane, og at ambisjonane blir auka deretter, seier Isaksen.

Håpar på konkret framgang
Isaksen har to minimumsforventningar til utfallet av klimatoppmøtet i Durban: For det første ei vidareføring av Kyotoprotokollen som går ut i 2012, og for det andre at det grøne klimafondet som skal få til klimatilpassing og utsleppskutt i fattige land, blir oppretta, slik det vart vedteke i forhandlingane til fjor.

Trass i at mange meiner at utsiktene til å kome til semje i Durban er dystre, vågar Isaksen å vere optimistisk:

– Det har aldri vore viktigare å engasjera seg enn akkurat no. Om ikkje vi får til alt vi ynskjer av ein ny juridisk bindande, rettferdig klimaavtale i år, er vi i det minste nøydde til å koma nokre steg på vegen, meiner Isaksen.

LES OGSÅ: Filma regntida som aldri kom

TEMA: Les siste klimanytt her!

Faktaboks

COP17 – Durban
– 28. november byrjar Den internasjonale klimakonferansen til FN byrjar, COP17, i Durban i Sør-Afrika.
– Målet med årets konferanse er å koma vidare med arbeidet med å bli samde om forpliktande tiltak som kan redusera klimautsleppa. Eit sentralt punkt vil vera ei vidareføring av Kyoto-avtalen.
– På klimakonferansen i Cancun i fjor kom ein lenger enn venta. Mellom anna blei det vedteke at snittemperaturen i verda ikkje skal bli 2 grader meir enn før-industriell tid og avtalt å oppretta eit fond for å finansiera klimatiltak i u-land.
– I tillegg til representantar frå regjeringar verda over, vil frivillige organisasjonar og aktivistar delta med fleire tusen deltakarar på konferansen.