Ungt fleirtal mot olje i nord

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tenner vardar 40 stader

– Det stadfestar biletet ein har sett ganske lenge og på tidlegare målingar, nemleg at ungdom er blant dei aller mest skeptiske til oljeutvinning, seier leiar i Natur og Ungdom, Ola Skaalvik Elvevold til NRK.

Undersøkinga er utført av Respons analyse for naturvernorganisasjonen WWF.

75 prosent av dei spurde ynskjer fornybar energi i staden for oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Tenner vardar 40 stader
På laurdag markerer Natur og Ungdom, Naturvernforbundet og Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja motstanden sin med vardebrenning frå Pasvik i nord til Lindesnes i sør. Så langt er det stadfesta at det blir tent vardar 40 stader i Noreg. Å tenne vardar er eit over tusen år gammalt symbol for å varsle om ein fare som trugar.

Samlast til aksjonscamp
I midten av mars samlar Natur og Ungdom om lag 250 ungdomar frå heile landet til ein aksjonsleir mot oljeboring i Kabelvåg i Lofoten. Pågangen er enorm, og det blir ikkje plass til alle som har ynskt å melde seg på.

LES OGSÅ: Med rett til å bry seg

Fram til regjeringa tek avgjerda si i oljesaka, fotfølgjer Natur og Ungdom statsrådar i regjeringa overalt der Natur og Ungdom har lokallag – om lag 70 stader.