Ungdomspartia vil ha sterkare klimasatsing

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 05.06.2017 16:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomspartia er ikkje nøgde

Saka vart oppdatert 8.12.16, med utvida svar frå Liberalistisk Ungdom og svar frå leiar for Rød Ungdom. 

Venstre og Kristeleg Folkeparti (KrF) godtok i helga eit justert budsjettforslag frå regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet (FrP). Budsjettet får krass kritikk frå opposisjonspartia, og lunken mottaking frå miljørørsla.

Ifølge CICERO vil budsjettavtalen redusere klimautsleppa med 210 000 tonn CO2 årleg over tid, men berre 136 000 tonn i 2017. Til samanlikning seier Paris-avtalen at Noreg må kutte utsleppa med 800 000 tonn CO2 kvart år fram til 2030.

Framtida.no har snakka med leiarar og talspersonar for ungdomspartia, og erfarer at alle vil satse på klima fram mot stortingsvalet neste år. At ungdomspartia knivar om å ha den mest ambisiøse klimapolitikken er viktig for neste generasjon veljarar, generasjonen som må ta konsekvensane av Noregs handheving av Paris-avtalen.

Må kutte 800 000 tonn CO2 kvart år
Regjeringa si eiga kalkulering estimerer at budsjettavtalen vil gi kutt på 665 000 tonn CO2 i 2017. CICERO er ikkje einige, og trur istaden at kutta er nærare 200 000 tonn.

Ingen av partia la fram forslag til statsbudsjett som nådde målet om kutt på 800 000 tonn CO2 frå 2017.

Klimakutt2017CICERO
Grafen viser estimerte kutt i CO2 i 2017. Utrekningar frå CICERO inkluderer drivstoffavgifter, innblanding av biodiesel, mineraloljeavgift og bompengar.

– Tidenes grønast budsjett
– Dette er tidenes grønaste budsjett, svarar Bjørn-Kristian Svendsrud, formann i Framstegspartiets Ungdom i ein epost til Framtida.no.

Han meiner det er lite hensiktsmessig at den vanlege mannen i gata må få ein vanskelegare kvardag fordi Noreg må omstillast, og er glad for at bilpakken ligg fast.

Leiar i Unge Høgre, Kristian Tonning Riise, er også nøgd med budsjettet.

– Regjeringa har levert tidenes grønaste statsbudsjett i Noreg. Vi skal nå klimamåla vi har satt oss, vi skal oppfylle klimaforliket frå 2012 og vi skal oppfylle Paris-avtalen. Det er eg nøgd med, skriv han i ein epost til Framtida.no

Tonning Riise understrekar også budsjettforslaget inneheld tiltak som vil få større effekt på lang og mellomlang sikt samanlikna med 2017.

LES OGSÅ: Dette vil ungdomspartia pressa moderpartia på

– God start
Samarbeidspartia Venstre og KrF braut forhandlingane med regjeringa førre veke, men vart til slutt einige me Høgre og FrP. Ungdomsleiararne til samarbeidspartia er nøgde med avtalen, men vil ha større kutt dei neste åra.

– Avtalen er den beste moglege avtalen vi kunne få til for å kutte klimautslepp i år, svarar leiar i Unge Venstre, Tord Hustveit.

– Dette er ein god start, men det er tydeleg at avtalen ikkje er god nok på klimakutt, svarar Ida Lindtveit, leiar i KrFU.

På spørsmål om storleiken på klimakutta i Venstre og KrF sine alternative statsbudsjett, svarar begge at partia har ein veg å gå. Dei trekk også fram at fleire av forslaga i dei alternative statsbudsjetta ikkje er ein del av utrekninga til CICERO.

– Uvissa rundt effekten av tiltaka, og særleg med tala frå CICERO, har vist at det er nødvendig å få på plass ein felles standard for korleis ein skal rekne på klimautslepp, seier Unge Venstre-leiaren.

LES OGSÅ: KrFU: – God start for å nå klimamåla

– Fekk hakeslepp
Også leiar i Senterungdommen, Ada Arnstad, påpeikar at fleire av Senterpartiet (Sp) sine forslag ikkje er tekne med i berekninga. Ho innrømmer likevel at ho vart overraska over at Sp vart plassert nedst på lista over budsjetta sine klimakutt for 2017.

– Eg skal innrømme at eg og fleire senterungdommar fekk hakeslepp då vi såg tala frå CICERO, skriv ho i ein epost til Framtida.no.

Ho understrekar også at tiltaka i budsjettavtalen mellom dei to regjeringspartia og Venstre/KrF ikkje er gode nok.


Ada Arnstad er leiar i Senterungdommen. Pressefoto.

Vil justere tiltaka
Miljøpartiet dei Grøne (MDG) kom best ut i utrekninga til CICERO, men talsmann for Grøn Ungdom, Ola Eian, meiner partiet likevel kan strekke seg lengre for å redusere klimautsleppa.

– Dette er første gong vi har fått rekna på den forventa effekten av tiltaka våre, så vi kjem til å justere tiltaka slik at vi når målet. Vi er ikkje redde for å justere midlane for å nå eit mål vi har forplikta oss til, seier han.

Talspersonen i Grøn Ungdom peikar på at fire parti med ulik klimapolitikk måtte gå saman om eit budsjett, og at det gir utfordringar.

– KrF og Venstre har gjort ein bra jobb når dei har fått klimafornektarane i FrP til å gå med på dette budsjettforslaget. I regjering med FrP vert resultatet likevel mykje dårlegare enn det Venstre og KrF foreslo på eigenhand, seier han.

LES OGSÅ: AUF-leiaren: – Ja til nytt industrieventyr

Klima og stortingsval
Opposisjonspartiet Ap har vore kritiske til budsjettavtalen, sjølv om deira alternative statsbudsjettet berre ville føre til 145 000 tonn CO2-reduksjon i 2017, ifølgje CICERO.

Leiar for AUF, Mani Hussaini, håpar å kunne påverke Ap til å satse enno meir på klima framover.

– På spørsmålet om Arbeidarpartiet sitt budsjett er tilstrekkeleg er svaret at det aldri kan bli godt nok, og klimakampen krev at vi aldri blir nøgde. Difor vil vi krevje at Ap held fram med å flytta seg i ei mer klimavennleg retning, skriv han i ein epost til Framtida.no.

Auka skilnader
Heller ikkje Sosialistisk Ungdom (SU) er nøgde med klimakutta i budsjettavtalen, og meiner at alle partia må gjere ein ekstra innsats.

– Kampen for nullutsleppssamfunnet kan likevel ikkje føre til eit samfunn med auka skilnader, og vi kan difor ikkje ha tiltak som går utover dei fattigaste, skriv SU-leiar Andrea Sjøvoll i ein epost til Framtida.no.  

Linn-Elise Øhn Mehlen, leiar i Rød Ungdom, meiner at statsdbudsjettet er kakepynt på dårleg bakst.

– Dette er eit alt for lite ambisiøst budsjett som ikkje tek innover seg dei moglegheitene ei satsning på mellom anna grøn industri vil ha for Noreg, og at konsekvensane av å ikkje gjere det vil bli katastrofale. Politikarane må også snart innsjå at kutt i klimagassutslepp ikkje berre er eit nasjonalt spørsmål, men ein internasjonal nødvendigheit – der Noreg som ein av dei største oljeeksporterande landa må ta sin del av ansvaret, skriv ho i ein epost til Framtida.no.

Linn-Elise Øhn Mehlen
Linn-Elise Øhn Mehlen, leiar i Rød Ungdom. Foto: Anja Ariel Tørnes Brekke.

Fredrik Laving, president i Liberalistisk Ungdom, svarar slik på epost til Framtida.no:

– Nei, vi er ikkje nøgde. Vi meiner at klimaspørsmålet ikkje er eit politisk spørsmål eller ein grunn for politikarane til å hente inn fleire skattekroner. Politikarar i Noreg har ingen moglegheit til å regulere kor mange CO2-partiklar som hamnar i atmosfæren.

LES OGSÅ: Så lite vil dei ulike partia kutta i klimautsleppa

LES OGSÅ: Forskar: – Følg alle ungdomspartia på Facebook