AUF-leiaren: – Ja til nytt industrieventyr

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klima og arbeidsplassar fekk stor plass då AUF-leiar Mani Hussaini opna AUF sitt 55. landsmøte torsdag.

– Her i helga – og fram til landsmøte i Arbeidarpartiet vil AUF stilla mange klimakrav. Men det tydelegaste kravet kan Jonas og resten av partileiinga få allereie i dag. Dei 14000 medlemmane til AUF seier nei til oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, sa Hussani til stor applaus blant dei 350 delegatane .

– 139000 grunnar til ny regjering
AUF-leiaren kallar stortingsvalet i 2017 eit skjebneval.

Han meiner dei 139000 arbeidsledige i Noreg er ein grunn til å få ei ny regjering.

Arbeidsløysa har auka i Noreg sidan den kraftige nedgangen i oljeprisen frå hausten 2014. Oljeselskapa har stoppa mange investeringar og sagt opp tusenvis av tilsette.

LES OGSÅ: Her er arbeidsløysa størst i Noreg

– Må satsa på noko nytt
Mani Hussaini ønskjer eit taktskifte i norsk oljepolitikk, og vil stoppa subsidiar til oljeindustrien og utbygging i nye havområde.  Han meiner klimaet bør få noko å seia for all politikk.

– Vi som meiner klima må vinna mot andre omsyn vert ofte kritisert for å berre vera mot ting. Men neiet vårt er eit ja til så mye meir. Vi seier ja til eit nytt industrieventyr for Noreg, sa Mani Hussaini.

– Dei som i si tid fann olja, gjorde det fordi dei våga å satsa på noko nytt. No må vi satsa på nye eventyr, skapa føretaka, eksportprodukta og arbeidsplassane som skal finansiera fellesskapet og gje norsk ungdom jobb i framtida, sa Hussaini i talen sin.

Landsmøtet skal mellom anna ta stilling til eit forslag frå Oslo AUF om staten skal investera tilstrekkeleg for å etablera ein karbonlagringsindustri i Noreg for Europa og eit forslag frå sentralstyret om å gi meir støtte til forsking og utvikling for å skapa attraktive og berekraftige arbeidsplassar.

LES OGSÅ: Nødvendig å suga ut CO2

Sjå direkte video frå landsmøtet her: