Tener lite på prisfall for bøndene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mykje mindre får bøndene att

Bøndene får stadig mindre igjen for varene dei sel, skriv Klassekampen.

Rekna i 2011-prisar fekk ein bonde 46 kroner kiloen for grisekjøt i 1987. I 2011 fekk bonden 24 kroner for det same kjøtet. I same periode har prisane på lam og storfe gått ned med høvesvis 25 og 29 prosent, viser tal frå Nortura og Statens landbruksforvaltning.

Men prisnedgangen har ikkje kome norske forbrukarar til gode.

Matvarekjedene tek fortenesta
– Forbrukarane får ikkje billegare mat, men matvarekjedene blir sitjande att med fortenesta, seier Ola Flaten, forskar ved Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking.

Han meiner det er ein samanheng mellom prisutviklinga og maktkonsentrasjonen i norsk daglegvarehandel og viser til at i Noreg er det fire store kjeder som kontrollerer 99 prosent av matmarknaden.

Flaten møter kraftig motstand for synspunkta sine hos Thomas Angell, direktør for handel i arbeidsgjevarorganisasjonen Virke.

– Her er han på ville vegar. I fjor såg vi til dømes at matprisane i butikk auka med 1,1 prosent, medan prisane frå næringsmiddelindustrien auka med 2,2 prosent, seier Angell, som ikkje ønskjer at bøndene skal få høgare prisar for varene sine, men heller få tilskot over statsbudsjettet.

Forhandlingar kunne vore redda

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har for første gong på 12 år brote jordbruksforhandlingar med staten både på grunn av strid om tilskot og frustrasjon over nettopp prisane dei får for varene sine.

Nationen skriv onsdag at brotet kunne ha vore unngått viss staten hadde vore villig til å gje norske bønder betre tollvern, sjølv om dette punktet i utgangspunktet ikkje var knytt til jordbruksforhandlingane. (©NPK)

Les òg: Norske bønder håvar inn milliardar