Norske bønder håvar inn milliardar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala bryt ned mytar om landbruket, meiner professor Reidar Almås i Norsk senter for bygdeforskning.

– Viss du spør folk på gata, vil nok mange seie at bøndene blir stadig meir avhengige av statsstøtte. Her ser vi derimot at utviklinga går i motsett retning. Mytane blir avkrefta. Bøndene hentar mesteparten av inntektene i marknaden, og marknaden styrer stadig meir, seier Almås til Nationen.

Landbruket tener no nesten tre av fire kroner på sal av matvarer til industri og butikk. Ifølgje tala frå Budsjettnemnda for jordbruket, har tilskota over statsbudsjettet auka langt mindre enn prisveksten i samfunnet. Frå 2000 til 2010 auka løyvingane frå staten med 463 millionar kroner, eller 5 prosent.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

– Det er ei kjent sak at stadig mindre av statsbudsjettet går til landbruk. Grunnen til at det ikkje har prega debatten meir er kanskje at det har vore sterk rasjonalisering i landbruket. Det blir færre bønder igjen å dele tilskota på. Dermed merkar ein ikkje nedgangen så godt, seier Almås. (©NPK)

Les òg: – Meir interessant for bonden