Suksess for “Få meg på, for faen”

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmen Få meg på, for faen, er den første norske filmen nokon gong er tatt ut til hovudkonkurransen i den prestisjetunge filmfestivalen TriBeCa i New York.

Filmen hadde verdspremiere under opninga av festivalen påskeaftan, natt til sundag norsk tid. Etter premieren seier bransjebladet Variety at det er ein søt og ærleg film som behandlar ungdommane med ein respekt tenåringsfilmar frå Hollywood ser ut til å vere allergiske mot.

Også Huffington Post peikar skryt av filmen som har fått det engelske namnet Turn me on, goddammit, og skriv mellom anna:  "In what is a tribute to the universal misery of the high school years, a new film out of Norway, Turn Me On, Goddammit, does a better, and more charming, job of capturing what that awful epoch truly is like."

Filmen er ein av 12 filmar som vart plukka ut blant 5 000 innsendte filmar til å delta i hovudkonkurransen i Tribeca, og konkurrerer om fleire prisar.

LES OGSÅ: Dette er verdas viktigaste filmar

Filmen Få meg på, for faen vart laga på Sand i Ryfylke i fjor og kjem til å ha Noregs-premiere i august i år. Boka Få meg på, for faen er skriven av Olaug Nilssen og kom ut i 2005. I 2007 vart boka dramatisert på Det Norske Teatret.

Filmen har ordinær kinopremiere 18. august.