Verdas viktigaste filmar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

”Du er ikkje i Kansas lenger”, sa oberst Miles Quartith til Jack Sully då romskipet deira landa på planeten Pandora i filmen Avatar (2009). Filmen refererte dermed til verdas viktigaste film, den 70 år eldre Trollmannen fra Oz (1939).

Filmen er verdas mest sette, og ein del av den felles globale referanseramma for alle som likar film.

Thore Husfeldt er førsteamanuensis frå IT-universitetet i København og dosent ved Lunds universitet. Han kome fram til ein metode som gjev ein stor fordel til dei filmane som er mykje sett og har gjort stort inntrykk, melder Forskning.no.

– Med eit glimt i auget kan ein seie at det er ein svært objektiv liste over verda si viktigaste filmar, skriv han på bloggen sin.

Skal forklara Google
Husfeldt arbeider normalt med dei algoritmane Google brukar til å sikre at dei mest presise søkjeresultata kjem øvst.

Sjå lista til Husfeldt!

– Rangering, særleg rangering av informasjon som nettsider, er ein av dei tydelegaste effektane algoritmar kan ha på liva til folk. Forestill deg å navigera på nettet slik vi gjorde det i 1994, før Googles PageRank-algoritme. FilmRank er måte å forklara korleis PageRank virkar, skriv Husfeldt på bloggen sin.

Flest referansar til Star Wars
Men rangeringa stoppar ikkje ved kva for ein film som er mest sitert. Viss han gjorde det, ville Star Wars vera den viktigaste filmen i verda.

Mange av dei filmane som siterer Star Wars, er så små, ukjende eller nye at dei ikkje sjølv blir referert i andre filmar. Viss ein berre tel referansar, så veg ein referanse til Star Wars frå E.T. like tungt som ein referanse frå Eragon, sjølv om E.T. er ein langt viktigare film. Her set vektinga inn:

KVA MEINER DU ER VERDAS VIKTIGASTE FILMAR! STEM HER!

– FilmRank fungerer ved at alle filmar startar med same rangering. Dei filmane som blir referert av andre filmar, stig i rangering. Og dei filmane som blir referert av filmar som sjølv er vorte referert, stig endå meir og så vidare, skriv Husfeldt.

I Taxi Driver har De Niros karakter eit merke for «The King Kong Company» på jakka si. Det er ein referanse til klassikaren King Kong frå 1933. Dermed har Taxi Driver ein referanse til King Kong, og sidan Taxi Driv blir referert av Back to the Future, har referansen større vekt, noko som gjer King Kong viktigare.