Studielånet er så mykje mindre verdt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvalitetsreforma skulle gje fleire heltidsstudenter. Sidan den gong er studielånet blitt mindre og mindre verdt, melder Bergens Tidende i dag.

I 2002, før reforma blei innført, fekk studentane 80.000 kroner i året i lån og stipend fra Statens lånekasse for utdanning (SLU). Før skoleåret 2010/2011 auka beløpet til 89.000 kroner i året. Men justert for inflasjon var studielånet i 2002 verdt 4588 kroner meir enn i 2002.
Hadde studielånet følgt lønnsveksten frå 2002 til 2010, ville studentane få 25.602 kroner meir å rutta med.

Umuleg å klara seg
Kim O. Kantardjiev, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), seier til avisa at det er umogleg for studentar å klara seg på berre lån og stipend.

– Den siste undersøkinga frå SSB viste at 94 prosent av studentane jobbar ved sida av studiane. Det er i utgangspunktet ikkje noko problem at studentane jobbar, men det er et problem at dei er nøydde til å jobba. I periodar kan det vera behov for å bruka all tid på studier, men det er nesten umuleg å få til med dagens system, seier han til bt.no.

LES OGSÅ: Rekordmange vil studera

I undersøkinga som er gjort av Statistisk sentralbyrå, viser det seg at stipend og lån berre utgjer 41 prosent av inntektene deira etter skatt. Studentane ved BI jobbar mest ved sida av studiane, medan NTNU-studentane jobbar minst.

Færre fullfører
Tal frå Lånekassa viser at ikkje sidan innføringa av kvalitetsreforma har så få fått omgjort lånet sitt til stipend. I skuleåret 2009/2010 blei 79 prosent av beløpet omgjort. Tilsvarande tal i 2002/2003 var 89 prosent.

Deler av studielånet blir omgjort til stipend når studentane fullfører. Maks stipenddel er 40 prosent.