Rekordmange vil studera

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekord for høgskular og universitet

Dei norske lærestadene vil til hausten ta opp fleire studentar enn før, og tala frå Samordna opptak viser at fleire søkarar får tilbod om studieplass. I alt har circa 74.500 fått tilbod om studieplass til hausten. Det er rundt 3.200 fleire enn i fjor og utgjer rundt 69 prosent av søkarane, opplyser Kunnskapsdepartementet.

Av dei knapt 108.000 søkarane er omtrent 88.000 – rundt 81,5 prosent – kvalifisert for opptak til minst eitt studium. Dette er ein auke på 3,6 prosent frå i fjor.

– Eg er glad for at ungdommen vel dei utdanningane som trengst. Vi ser at helseutdanningane er populære, og at nedgangen for real- og teknologifaga ser ut til å vere snudd, seier statsråd Tora Aasland (SV).

SJÅ KVA PLASSAR SOM ER LEDIGE PÅ RESTETORGET!

Førebels står rundt 13.900 kvalifiserte søkarar utan studieplass. Sjølv om talet på kvalifiserte søkarar har auka med om lag 4.300 frå i fjor, er det, ifølgje Kunnskapsdepartementet, likevel ingen stor auke i talet på søkarar utan tilbod.

Totalt 2.917 studieplassar på 488 studium ved 36 lærestader blir no lyst ut på restetorget hos Samordna opptak.

Kunnskapsdepartementet seier at erfaringa frå tidlegare år er at mange av dei som i augneblinken står utan studieplass, framleis kan rekne med å få tilbod om plass.

– Eg oppmodar søkarane til å vere aktive på restetorget. Der finst det framleis mange spennande tilbod, seier statsråden.

Fristen for å akseptere tilbod om studieplass er 26. juli. (©NPK)