Studentar vil bu i kollektiv

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentbustadindeksen 2014, gjort av Studenttorget.no, viser at studentar vil bu i kollektiv framfor i dyrare enkeltbustader. Undersøkinga konkluderer med at det er for høg standard på einebustader.

I undersøkinga svara 26,9 prosent av dei spurde at dei føretrakk å bu med andre medstudentar, uavhengig av pris.

LES OGSÅ: Jentedominans i høgare utdanning

Mest grunna pris

Anders Kvernmo Langset, leiar i Norsk Studentorganisasjon, trur ikkje prisen er heilt uavhengig likevel.

– Vårt inntrykk er at studentar slit med å finna bustad som er billig nok til at dei kan bu der, og konsekvensen er at mange bur saman. Det er nok hyggeleg, men me trur det er mest grunna pris, seier Kvernmo Langset.

Han fortel at 74 prosent av inntekten til studentar går i dag til bustad – altså opp mot tre fjerdedeler.

LES OGSÅ:Student på hybeljakt?

Ikkje einig

Han er heller ikkje einig i konklusjonen om at det blir bygd studentbustader med for høge standardar.

– Eg er ikkje einig. Studentsamskipnadene som planlegg hyblar gjer dettei tett samarbeid med dei som skal bu der, altså studentane. Nesten ingen har ledige studentbustader no.

Kvernmo Langset trur ikkje at fleire kollektivhyblar er den perfekte løysinga.

– Eg trur ikkje ein får inn så mange fleire studentar likevel. Ei hybeleining er ganske liten frå før. Me gjorde vår eiga undersøking for litt sidan som viser at dei fleste studiestadene har for få bustader, og at dekningsgraden har gått ned på landsbasis. Det er vanskelegare enn nokon gong, og difor kallar me det ei bustadkrise, seier Kvernmo Langset.

LES OGSÅ: Færre studentbustader i Bergen

Dyrare med eige kjøken

Det blir bygd nye studentbustader, sjølv om dekninga er rekordlåg. Mykje har samanheng med ei stor auke i studentar.

I Vestfold bygger Selvaag Bustad studentbustader, og dei fortel at det blir mykje dyrare om alle skal ha kvart sitt bad og kjøken.

LES OGSÅ: Kjøper million-leiligheiter til barna

– Bad er noko av det dyraste ein kan bygga, og det gjer at studentbustadane blir dyrare. Ein vil gjerne og ha eit eige minikjøken, og det kostar pengar, seier administrerande direktør i Selvaag Bustad, Baard Schumann, til Studenttorget.no

Han fortel og at ein hadde fått plass til fleire bueiningar i bygga ved å ha felles fasilitetar. Om fire leiligheiter delte kjøken og bad, hadde ein spart plass tilsvarande rundt ein halv leiligheit.