Færre studentbustader i Bergen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Delen av offentlege studentbustader i Bergen gjekk ned med 9 prosent i fjor, noko som er under halvparten av kommunen sitt mål. Det viser ei fersk undersøking frå Norsk Studentunion. 

LES OGSÅ: Student på hybeljakt?

– Ein treng 500 nye studentbustader i året for å nå målet. Marknaden er forferdeleg trong for alle studentar og det blir veldig dyrt å bu i Bergen, seier leiar i Velferdstinget for bergensstudentane Tor Sivertsen Prestegard til NRK. 

I dag må ein student betale i snitt 5.000 kroner for å leige seg eit rom i eit kollektiv. Og nå studentar vert pressa til høge husleiger, går prisen i leigemarknaden opp også for småbarnsfamiliar.

LES OGSÅ: Søkjarane har høgt snitt

Lenger frå målet

I Bergen har både kommunen og Studentsamskipnaden sett som mål å bygga nok studentbustader til å huse 30 prosent av studentane. Men både i Bergen og i resten av landet går det feil veg, viser undersøkinga til Norsk Studentunion.

LES OGSÅ: Knallhard kamp om studieplassane

Delen av offentlege studentbustader gjekk kraftig ned i Bergen i fjor. Årsaka er at studenttalet gjekk veldig opp, medan det omtrent ikkje vart bygd nye studentbustader. (©NPK)