– Smartare av nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alle som veks opp i Noreg blir eksponert for to skriftlege målformer. Til dagleg «code-switcher» ein mellom dialektar på grunn av omgjevnadene. Slik variasjon er nok til at ein utviklar dei positive fordelane som blir dyrka ved fleirspråklegheit. Språka treng ikkje vera så ulike kvarandre, det er nok at språkbrukaren oppfattar desse som systematiske forskjellar, påpeikar professor ved Institutt for moderne framandspråk ved NTNU, Mila Vulchanova overfor Aftenposten i dag.

– Ein får ein språkleg fleksibilitet, og annan internasjonal forsking viser at ein også oppnår andre kognitive fordeler, skriv Vulchanova i ein e-post til Aftenposten.

– Dei er smartare, meir kreative, meir språkleg medvitne, er betre til å oppfatte det som blir sagt og presterer betre på skulen, sa Vulchanova om fleirspråklege på Språkdagen i haust.

LES SAKA: Å skrive nynorsk hevar språkkompetansen

Ikkje nok med at ein smarare av nynorsk. Som Framtida.no har meldt før, lever nynorskingar lengre enn bokmålsbrukarar.

LES OGSÅ: – Korttidsminne viktig for å lære språk

LES OGSÅ: Nynorsk som hjernetrim

Les fleire saker om nynorsken her!