Korttidsminne viktig for å lære språk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Viktigast for å lære språk

Ifølgje Forskning.no er det som også blir kalla arbeidsminne, først og fremst ei genetisk sak. Det blir dessutan dårlegare alt frå 14-årsalderen.

Ei forskargruppe ved NTNU har følgt nærare hundre tiåringar, ei gruppe frå ein liten bygdeskule og ei gruppe frå ein stor byskule. Alle hadde norsk som morsmål, og dei vart testa i norsk og engelsk, og forskarane testa arbeidsminnet deira.

– Samanhengen mellom godt språk og godt arbeidsminne var klar. Det gjeld for alle enkelttestane vi gjorde og også når vi såg alt under eitt, fortel Mila Vulchanova, som leidde undersøkinga, til Forskning.no.

Ho peikar dessutan på at evna til å lære nye språk blir dårlegare med åra.

– 14 år er aldersgrensa for å lære nye språk utan for store vanskar. Etter 20 år går det i alle fall nedover med evna til å lære språk, seier ho. (©NPK)

QUIZ: Er du god på svensk eller dansk?