Slik vart han kvitt brunsnigelen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Kvinnheringen

No har sniglane omtrent ikkje ete ein einaste blom eller knopp i hagen hans på omlag to år.

Brunskogsnigel vart først observert i Noreg på 80-talet. Den kjem opphavleg frå Sør-Frankrike, og har sannsynlegvis kome her med planter og jord. Det som gjer at akkurat denne snigelen er så mykje verre enn dei andre, er at den gjer stor skade på både hage og jordbruk.

Sivertsen og kona er busette i Bergen, men om sommaren bur dei i feriehuset sitt på Sandvoll der dei har opparbeidd ein stor, flott hage. Tidlegare har dei kome til øydelagde planter, men irritasjonen vart for stor for Sivertsen.

LES OGSÅ: Fann regnskog på Bømlo

– Eg kjende eg vart meir og meir sur på brunsnigelen. Eg er eit hagemenneske og den åt opp alt eg planta. Eg bestemte meg for å finna ei leveleg løysing, så eg ikkje skulle gå og irritera meg meir, seier Sivertsen.

Han kom på ideen då han såg korleis snigelen tar seg fram. Den er ikkje særleg fleksibel og har problem med å krypa oppetter tynne gjenstandar. Sivertsen visste at sniglane ikkje likar kopar, og fann seinare ut at dei ikkje likar galvanisert spiker heller. Løysinga vart å setja alle plantene i potter på eit flott stativ, laga av ei treplate med skråbein av galvanisert spiker. For å heilgardera seg har han smurt vaselin på undersida og klistra på salt. Det gjer at dei sniglane som skulle væra så modige å prøva seg, døyr av saltet. Sjølv om denne metoden held sniglane vekke frå plantene til Sivertsen, gjer det ikkje noko med snigelbestanden. Han er difor aktivt ute og sprayar dei han ser i vegen med salmiakk, og dei i hagen klypper han i to med saks, sidan salmiakken drep plantane òg.

– Eg har hatt det slik i to år og då har endeleg plantane mine fått stå i fred, seier han letta.

For at dette skal fungera er det viktig at plantene ikkje veks heilt ned til bakkenivå frå potta. Det er òg viktig å ikkje setja dei for nær ein husvegg eller andre veggar og kantar.

– Set dei 5–6 cm frå kantar eller golv, så kjem ikkje sniglane seg opp, oppmodar han.

Sivertsen er nøgd med den nye løysinga og gjer oss grunnoppskrifta. Ut frå den er det berre kreativiteten som kan setja grenser meinar han. Sjølv har han valt å bruka liknande steinheller som han har i trappa, så dei skal stå i stil med huset. Når ein kikar på dei ovanfrå, kan ein ikkje sjå spikrane.

– Sandvoll har alltid vore ein spesiell plass for meg, og det å koma til sommarhuset å sjå alle plantene stå i fred betyr mykje. Hagearbeid er det som får meg til å slappa av, og då skal ikkje brunsnigelen få lov til å øydeleggje den gleda for meg, seier han.

LES OGSÅ: Vil servera nordmenn insekt