Fann regnskog på Bømlo

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Bømlo-nytt

«Invitasjon til å vera med på synfaring i regnskog på Bømlo onsdag 27. mai 2015». Det var overskrifta på brevet som Bømlo kommune fekk frå Fylkesmannen i Hordaland.

– Sære artar
– Mange tenkjer gjerne på tropene når me snakkar om regnskog, men dette er snakk om nordleg regnskog. Det er handlar om små delar av skogen som til dømes står opp mot nordvende bergknausar. Her blir det naturleg og stabilt veldig fuktig, om lag like fuktig som i tropene. Det fører til at det er nokre sære artar som veks her, til dømes ulike typer mose og lav, seier seniorrådgjevar Magnus Johan Steinsvåg i miljø- og klimaavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland.

LES OGSÅ: – Berekraft kan ikkje vedtakast

Her ser me regnskog i landskapet ved Tjongspollen. Foto: Magnus Johan Steinsvåg/Fylkesmannen i Hordaland.

Frå lynghei til skog
Det er som kjent lite skog i Skottland. Årsaka til det er at her har vore mykje beite, både frå husdyr og hjort. Dei skotske forskarane var opptekne av å sjå korleis det som før har vore opne lyngheier og beiteland på Bømlo, no gror att. Særskilt ser dei på korleis skogen veks her. Tanken er nemleg at det igjen skal bli naturleg skog i Skottland, basert på treslag som var her tidlegare. I vurderingane av korleis dette skal gjerast er synfaringar som den på Bømlo gull verdt for skottane.

– Skogen i Skottland vil nok trengje litt fødselshjelp, men eg trur noko av det viktigaste dei lærte på Bømlo var at attgroinga går raskt, og at naturen mykje godt ordnar seg sjølv, seier Steinsvåg.

Kvifor Bømlo?
Det var Norsk Institutt for naturforskning (NINA) som tok initiativet til synfaringa på Bømlo. Steinsvåg seier NINA var kjent med ein forvaltningsplan Steinsvåg hadde skrive for Sagvatnet. Det var difor NINA kontakta Steinsvåg.

Turen på onsdag gjekk først til lyngheiområdet ved Roaldsfjorden, og deretter reiste følgjet vidare til Skogafjellet naturreservat ved Bergesfjellet. Der finst det skog som er 150 år, og opp mot 200 og 300 år, forklarer seniorrådgjevaren.

Sidan gjekk turen ut i det viktige natur- og friluftslivsområdet ved Tjongspollen. Det var her regnskogen vart studert nærmare.

– Regnskogen her består av ganske unge tre. Det er her det er flest trua artar som det er viktig å verne om.

Stormforelska i Bømlo
Steinsvåg seier skottane vart hovudstups forelska i naturen på Bømlo. I tillegg til å sjå attgroing, sjeldsynte planter og tre, fekk dei også sjå sjeldsynte hakkespettar og dessutan havørn.

– Det var prikken over i´en. For ein biolog og bømling som meg var det stort å sjå andletsuttrykka deira. Det var dessutan flott at mellom andre ordføraren, rådmannen, teknisk sjef og landbrukssjefen i Bømlo kommune vart med oss på turen. Med oss var også fleire av grunneigarane. Det kan vera aktuelt med eit område mellom skogreservata Sagvatnet og Skogafjellet der det blir frivillig skogvern. Her er me likevel veldig tidleg i prosessen. Dette er ein prosess som grunneigarane og skogeigarlaget styrer, fortel Steinsvåg.

LES OGSÅ: Redda 14.000 fotballbaner regnskog

Skog og lynghei
Avslutningsvis legg han til at det i denne delen av Bømlo er viktig å ha to tankar i hovudet samstundes. Delar av naturen består av lynghei som ein ønskjer å bevare som nettopp lynghei. I andre område er det best om naturen får utfalde seg fritt og både skog og andre artar kan veksa fritt. Då kan sitkagrana vera ei utfordring.

– Skottane var utruleg interesserte i naturen på Bømlo. Bømlo kommune har gjort ein veldig god jobb med å bevare naturområda i denne delen av kommunen, seier Steinsvåg.

Ordførar Odd Harald Hovland seier i ein kommentar at det var svært interessant å følgja synfaringa.

– Det var artig å sjå kor entusiastiske skottane vart over vår flora og botaniske mangfald. Dei meinte naturen her er heilt unik, og dei var veldig imponerte.

LES OGSÅ: Oljefondet trekker seg frå kol