Slik får du Pokémon Go allereie no

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile verda er heilt oppslukt i Pokémon Go, og du har sjølvsagt fått med deg spelet der du kan fanga Pokémon i den verkelege verda. På ei knapp veke har spelet fått fleire daglege brukarar enn andre populære appar som Twitter og Tinder, og Pokémon Go har gått forbi kjempen Candy Crush Saga som det mest populære mobilspelet i USA. Og spelet er enno ikkje lansert i så mange land – New Zealand, Australia, USA, Tyskland og Storbritannia – men fleire blir lagt til på lista.

Her er nokre av dei andre sidene av suksessen til Pokémon Go:

Skulle fanga Pokémon, fekk drøy bot
Sjølv om spelet ikkje er lansert i Noreg enno, er det fullt mogleg å få tak i og spela spelet også for norske brukarar (sjå lenger ned i saka). Det har fått ulike konsekvensar, spesielt for ein mann frå Knarvik, som BA skriv om.

20-åringen køyrde bil med vener, og då var hovudfokuset på å følgja med på GPS-en, i jakta på ein Pokémon. Då registrerte ikkje sjåføren at han køyrde inn i ei einvegskøyrd gate, og fekk eit forenkla førelegg på 4200 kroner.

– Me kan ikkje legalisera ulovleg køyring grunna Pokémon i lufta. Sjølv om det ikkje var andre i nærleiken i dette tilfellet, så må ein følgja trafikkreglane, seier Kjell Idar Vangberg, lensmann i Nordhordland politidistrikt, til BA.

Kva treng du eigentleg å vita om Pokémon Go? The Verge laga denne videoen for å forklara det viktigaste:

Mann bur i kyrkje, vart invadert av Pokémon-trenarar
Pokémon Go handlar ikkje berre om å fanga Pokémon, men om å slåss mot andre trenarar i sokalla «Gyms». Spelet set opp arenaane på offentlege stader, slik at folk kan møtast og slåss mot kvarandre gjennom mobilen.

I Massachusetts gjorde designaren Boon Sheridan ei gamal kyrkje om til ein heim, og flytta inn der. Det hadde ikkje utviklaren bak spelet fått med seg – så heimen til Sheridan vart plutseleg invadert av ukjende Pokémon-trenarar. Det skriv Buzzfeed.

 

Pokémon mot depresjon
Ein av fordelane med Pokémon Go, er at ein har ein god grunn til å komma seg ut i frisk luft, sidan ein må fysisk gå rundt for å fanga Pokémon. Men det kan også ha ein positiv effekt på psyken, skriv Science Alert.

Psykologen John M. Grohol la merke til at mange brukarar skreiv om den positive effekten Pokémon Go hadde på sosiale media. Han skriv om det her, hos PsychCentral.

– Me veit allereie at trening hjelper mot depresjon, og med omtrent alle andre psykiske problem, men å finna motivasjonen til å trena når du er deprimert, er vanskeleg. Derfor kan eit engasjerande spel som Pokémon Go vera til hjelp.

Her er eitt døme:

 

Når kjem det til Noreg på ekte?
Ingen veit, men Niantic, som har utvikla spelet, rullar ut Pokémon Go i nye regionar kvar dag.

Om du er skikkeleg utålmodig, kan du sjekka denne sida. Ispokemongoavailableyet.com – altså Is Pokémon Go available yet – har ei fullstendig liste over landa der spelet offisielt er lansert. Du kan også setta deg opp på ei liste som gjer at du får beskjed i det sekundet spelet blir lansert i Noreg.

Korleis lastar eg det ned no?
Det er kanskje juks, men det går faktisk an å spela Pokémon Go no, sjølv om det ikkje er lansert i Noreg enno. Hos 730.no kan du lesa ein guide for korleis du også kan vera med på jakta.

Har du ein Android-telefon, er det ganske enkelt – då kan du berre lasta ned på denne sida. Du må gi telefonen løyve til å installera programmet, sjølv om du får ei åtvaring eller to om at det kanskje ikkje er så lurt, men det går bra. Eg har testa det sjølv.

Har du ein iPhone, er det litt meir komplisert – du må byta region på telefonen din, og laga ein ny Apple-ID som er registrert i eit av landa Pokémon Go er lansert i – altså Australia, New Zealand, USA, Storbritannia eller Tyskland.

Lukke til!

Les meir:

Ein del spel blir omsett til norsk – nokre finst til og med på nynorsk – men er det naudsynt?

Forskarar bygde ein mikrovariant av Pac-Man – 1mm stor! Sjå video her.