Forskarar bygde ein mikrovariant av Pac-Man-labyrinten

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå mikrovarianten av Pac-Man

Ein gul runding med ustoppeleg appetitt blir jaga av fire spøkelse i ein veldig kjend labyrint frå 80-talet. Det har alle sett. Men har du sett varianten som vart laga og filma ved Høgskolen i Sørøst-Norge (HSN)?

Dei har bygd ein kopi av Pac-Man-labyrinten som er mindre enn éin millimeter stor. Der slapp forskarane laus eincella dyr, før større, fleircella dyr vart slept laus for å jaga dei minste. Dei tek med andre ord rollene som Pac-Man og spøkelsa Inky, Pinky, Blinky og Clyde.

Sjå videoen her. Den er til no sett godt over 400.000 gonger, medan den internasjonale versjonen er sett over 130.000 gonger:

Video: Adam Bartley/Høgskolen i Sørøst-Norge

Videoen er sett nær ein halv million gonger, og er blitt omtalt i fleire media – også internasjonalt.

– Moglegheita til å fortelja verda rundt om det me gjer er like viktig som sjølve vitskapen, forklarar Erik Andrew Johannessen, som leda prosjektet for HSN.

– Når me først skulle laga eit 3D-miljø, bestemte me oss for å designa den som labyrinten frå Pac-Man. Det kan vaksne kjenna igjen frå ungdomstida si, samstundes som kultstatusen til spelet gjer at den unge generasjonen også kjenner den igjen. I tillegg kunne me gi protozoane (dyra som vart slept laus i labyrinten) dei ulike rollene frå spele, som me også ser igjen i den verkelege verda, held Johannessen fram.

Er du glad i kuriøs forsking? Me snakka med ein språkprofessor om griseprat.

Den mest naturlege varianten
Hensikta med å bygga ein miniversjon av Pac-Man er eigentleg ganske enkel: Forskarane ville observera korleis dei små dyra bevegde seg når dei jaga og vart jaga i naturlege omgjevnader. Vanlegvis gjer forskarane dette i ei vanleg petriskål – men der finst ikkje dei hindringane og omvegane som ein kan møta på i naturen, derfor kan dyra oppføra seg på ein annan måte enn dei eigentleg vil. Derfor laga Johannessen og dei andre denne modellen, med hjelp frå filmskapar Adam Bartley.

– Me brukte mikroteknologi til å redusera kanalsystemet ned til den storleiken dyra vil oppleva i naturen – holgangar og korridorar i rotnande vegetasjon, mose, gras og jord, forklarar Johannessen.

Labyrinten dei bygde er rett under éin kvadratmillimeter stor, medan dyra dei slapp laus er omtrent like tjukke som eit hårstrå.

Apropos gaming: Amalie Marie Reisvaag (19) kan tena opptil 50.000 i månaden på å spela spel heime.

Ikkje budd på merksemda
Ein viktig grunn til at dei laga filmen, var å rekruttera og reklamera for HSN. Poenget var å visa at realfag og ingeniørutdanning er kult. Dei var ikkje budd på responsen, fortel Johannessen, som har fått mange førespurnader om prosjektet den siste tida.

– Dette betyr sjølvsagt svært mykje for oss, sidan det er svært få som kjenner til det me gjer, og ikkje minst HSN, i utlandet, seier Johannessen, som håpar dette vil løfta rekrutteringa i tida som kjem.

Han legg også til at dette prosjektet var eit samarbeid mellom realfag og humaniora, der filmskaparar som Adam Bartley får sjansen til å gjera forsking levande på ein måte folk forstår.

Her er den internasjonale versjonen – utan lyd (den kan du velja sjølv, skriv Bartley i videoskildringa):

Video: Adam Bartley og Høgskolen i Sørøst-Norge.

Pløya ukjend mark
Prosjektet var ei ny oppleving også for Johannessen, som fann stor glede i arbeidet.

– Alt nytt som ein opplever er gøy. Det kan vera første gong ein lærte å sykla som barn, eller å fly eit fly som vaksen. Ein lærer heile tida noko nytt ved å forska på verda rundt oss. I dette prosjektet pløya me ukjend mark ved å setta mikroorganismar inn i ein menneskeskapt mikrostruktur. Me hadde ikkje nokon idé om kva som venta oss i utgangspunktet, og kor interessant det var å studera oppførselen i eit kontrollert miljø, seier Johannessen.

Han trur at det er viktig å visa barn at ein vil oppleva nye og spanande ting også som vaksen, om ein endar opp som forskar.

Og kva fann dei ut? Det må forskast mykje meir før dei kan sei noko definitivt, men:

– Det me veit førebels er at det eksisterer reglar på mikronivå som styrer oppførselen til protozoar (dei fleircella dyra, red.anm). Åtferda til dei minste protozoane verkar litt tilfeldig, men ciliatane (dei eincella dyra, red.anm)har synt seg å vera effektive navigatørar som finn utgangen fort, forklarar Johannessen.

Dei såg også at dyra brukte veggane aktivt for å navigera seg rundt, noko som ikkje ville vore tydeleg i ei vanleg petriskål. Men dei er enno ikkje sikre på korleis dei små dyra finn vegen.

No planlegg Johannessen og dei andre også eit oppfølgingsprosjekt, utan at dei går inn på detaljane med det.

Det finst mykje artig forsking, som dette:

Du kan trygt sjå YouTube-kattar på jobb. Forskarar har funne ut at dei populære videoane gjev energi og positive kjensler, som kjem godt med i arbeidet.

Unge romantikarar på 60- og 70-talet hadde ikkje Tinder, og Møteplassen var ikkje mest kjend som namnet på ei datingnettside. Korleis påverka det kjærleiken?

På Island gjorde dei kanskje eit gjennombrot for kort tid sidan – dei gjorde CO2 om til stein.