Griseprat med ein språkprofessor

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Griseprat med ein professor

 
Det  vederstyggelege som sjokkerte den anonyme lyttaren i 1963, var debatten i radioprogrammet «Seksuell opplysning – hvorledes og av hvem?». Der snakka universitetslektor Ruth Frøyland Nielsen og magister Erik Grønseth med ein ung lærar og unge gymnasiastar om erfaring med forplantingslære i skulen.

Kva hadde den opprørte lyttaren sagt om styggedom som piercing i underlivet, kjønnssjukdomar, porno og stripping – alle tema i P3-programmet Juntafil 2013, mon tru?

Sjølv om også Juntafil har fått reaksjonar, er det liten tvil om at grensene for kva vi snakkar om og kva ikkje snakkar om, har endra seg sidan 60-talet. Vi tok ein griseprat med ein språkprofessor.

LES OGSÅ: Banning fungerer ikkje lenger

Det unemnelege
– Tabuord? Ja, det vil eg snakke om, seier språkprofessor ved UiO Ruth Vatvedt Fjeld.

Ho har først og fremst forska på banning, men ettersom banning og tabuord ofte går hand i hand, let vi henne utfalde seg med litt kvalifisert synsing. Aller først, kva er eit tabu?

– Ordet tabu syner til noko som er forbode å gjere, forholde seg til eller snakke om. Det handlar ofte om noko som er så vondt eller vanskeleg at vi må unngå det, som pedofili eller sex med dyr, forklarar Fjeld.

– Tabu gjer at vi ofte tåkelegg eller omskriv det vi er redde for eller det som er så vanskeleg at vi ikkje kan snakke om det. Før kalla ein til dømes ulven for gråbein. Den var så skummel at ein berre kunne referere til fargen på føtene, held ho fram.

Tabu, eller forbod, er ideen om at ei handling, ein gjenstand, eit omgrep, ein person eller ei gruppe ikkje må verte nemnt eller rørt, ifølgje Store norske leksikon. Som regel er tabu basert på moral, religion eller konvensjonar, framføre lovverk.

Ordet vart først henta til Vesten av den britiske utforskaren James Cook, etter at han vitja stillehavsøya Tonga. Cook omsette omgrepet til «heilag, ukrenkjeleg, forbode, ureint og forbanna».

Ein god indikasjon på kva som er tabu, kan vere kraftsalvane vi tyr til når raseriet boblar i oss. Men dei verkelege tabua er vanskelege å få auge på.

– Det var først når antropologane byrja å reise ut og forske på framande kulturar at ordet kom til. For våre eigne tabu er vi ofte blinde, seier Fjeld.

LES OGSÅ: – Me kan spørje oss om me er gått for langt

Tabu er ikkje det vanlege
Akkurat som kulturen utviklar seg, endrar også grensene for tabuord seg. Fjeld har tidlegare undersøkt bruken av banneord i tv-tekstinga på NRK, og samanlikna ståa i 2007-2010 med 1998-2001. Ho fann, orsak uttrykket, jævla mykje banning i statskanalen. På ti år auka bruken av 11 banneord med 340 prosent.

Det tyder på at uttrykk som før har vore tabuord, ikkje lenger er det.

– Når eit ord vert vanleg, sluttar det å vere tabu. Fram til etterkrigstida var det å misbruke Guds namn til dømes tabu, men med sekulariseringa av samfunnet endra det seg. Når vi ikkje trur på Gud, kan vi heller ikkje banne ved å påkalle denne guden. Det er vel knapt nokon som meiner noko når dei seier «Jesus» eller «Herregud» i dag, seier Fjeld og kjem med eit anna døme:

I 1879 sa Nora i Ibsens «Et Dukkehjem»: «Jeg har sånn umåtelig lyst til å si død og pine.» Det sjokkerte den gudfryktige Rank, som svara: «Er De gal!».

–  I moderne framsyningar roper Nora «Faen i helvete!», seier Fjeld.

Ho peikar også på homoseksualitet som eit tabu som i stor grad har forsvunne i vårt samfunn.

– Var ein homofil før var ein «ein sånn der». Eg har ein lapp som dottera mi skreiv til sonen min på 80-talet, då ho var seks år og han var ni år. Ho var frykteleg sint og skreiv: «dust, jevel, hommo». På andre sida av lappen står det berre «Du har stava jævel og homo feil».

Språkforskaren ler godt, men tek ein augeblink for å forklare poenget:

– Eg tvilar på at ein seksåring hadde valt å skrive «homo» for å uttrykkje sinne i dag. Det er ikkje lenger eit tabuord i Noreg, meiner ho.

LES OGSÅ: «Neger» er ut – kvinner tar mest omsyn 

Nye tabuord kjem til


Samstundes som nokre tabu forsvinn, kjem andre til. Plumbo-vokalist Lars Erik Blokkhus skapte storm og la seg deretter flat etter å referert til hudfargen til Thsawe Baqwa og Yosef Wolde-Mariam i Madcom i takketalen under Spellemann-utdelinga i 2012.

– Rasistiske uttalingar er tabu i dag. Neger er til dømes eit ord som er heilt ute. Det å snakke om over- og underklassar likeså. Det heng tett saman med likskapstankegangen i vår kultur – vi er alle like, seier Fjeld, som sjølv har vore med å omdøype pappen til Pippi Langstrømpe frå «negerkonge» til «konge på en sydhavsøy».

LES OGSÅ: Fjernar upassande ord i Nynorskordboka

Dagens tabuord
Medan nokre tabuord forsvinn og nye kjem til, held andre fenomen stand som unemnelege eller problematiske å snakke om. Forplanting, til dømes, går aldri av moten som kjelde til sjokk og vantru. Madcon-Tshawe illustrerte dette elegant då han svara Plumbo-Lars Erik med karakteristikken «jævla fittehøl».Reaksjonane på reaksjonen let ikkje vente på seg.

Nokre tabu, som kvinners seksualitet og kjønnsorgan, synest altså å halde seg godt framleis. Språkforskar Fjeld er einig.

– Då eg var med og laga Bokmålsordbokala eg merke til at «tiss» var definert som «mannleg kjønnsorgan». ‘Kva har vi då?’, spurde eg min kollega. ‘Mus’, vart det foreslått – men det er jo ein metafor. Du seier ikkje ‘har du slått deg på musa?’. Vi har ingen ordentlege nøytrale ord for jentetiss. Det er så unemneleg, så vanskeleg å snakke om, seier Fjeld.

LES OGSÅ: «YOLO» og «side boob» inn i ordboka

Slik får du betre sex..
Samstundes som kvinneleg seksualitet ifølgje Fjeld framleis er tabu, har det aldri vore meir «SEX» i avisene.

– Seksualitet er eit motsetnadsfylt og utømmeleg tema. På den eine sida er det knytt til mange tabu, på den andre sida vert vi ikkje leie av å snakke om det. Tenk på nye banneuttrykk som har kome inn i språket vårt, som «pul morra di». Uttrykket ligg også ofte bak når fotballspelarar får gult kort for språkbruk. Eg er ikkje interessert i sport, men akkurat skjellsorda til spelarane tykkjer eg er interessante, seier Fjeld.

Ho ser ein slags rasjonale i dei seksuelle tabua.

– Det meste som er tabu er basert på ein eller anna form for fornuft, sjølv om det ikkje nødvendigvis er riktig.  «Pul morra di» er til dømes ein veldig absurd ting å seie. Dei fleste veit at innavl ikkje er ein god forplantingsmetode. Vi har tabuord for det vi er redde for, eller det vi opplever som feil på ein eller annan måte.

LES OGSÅ: Akkurat passe kåt

Den freistande forbodne frukta

Det kan verke som eit paradoks at nettopp dei kulturelle fenomena som er tabu, også vert populære uttrykk for å spy gall. Men kanskje er dette fordi vi vil bryte tabua.

– Å bruke tabuord, som å kalle nokon for «fitte» eller å rope «faen i helvete» kan verke som ein sikkerheitsventil. Banning er jo avmaktas språk – når vi ikkje kan gjere noko anna, då bannar vi. Slik sett har det å bryte tabu ein psykologisk funksjon. Andre gongar handlar det om å tøffe seg. Mannfolka som sa «herregud» i gamle dagar, følte seg nok veldig kule, seier Fjeld.

Ifølgje Språkrådet er til dømes kropp og kroppsfunksjonar, religion og minoritetar område der brot på språklege tabu er særleg aktuelt. Og behovet for å bryte tabu er slett ikkje noko nytt. Truleg har vi fryda oss over å leike med tabuord sidan vi fekk språk.

For nokre år sidan fann til dømes forskarar runepinnar under bygrunnen i Oslo og Bergen. «Ek kann gilja!» (eg kan forføre, ligge med jenter) og «Àli er strodinn i rassin» (Åle er pult i ræva), var blant dei velvalde orda våre forfedrar hadde foreviga, for nesten tusen år sidan.

– Og berre tenk på kor slitsamt det er å lage runer! Det syner kor sterk trongen til å bryte språklege tabu er, seier språkprofessoren.