Skulane sviktar mobbeoffera

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av dei 364 skulane som deltok i undersøkinga til Utdanningsdirektoratet, har 94,5 prosent brote lova, fortel NRK.

Mange av skulane har ikkje dokumentert korleis dei evaluerer arbeidet sitt med skulemiljøet, eller korleis dei førebyggjer mobbing. Undersøkinga viser vidare at få skular har rutinar for å varsle skuleleiinga om mobbing.

– Dette er for dårleg. I alt 330 kommunar har skrive under på eit manifest mot mobbing. Da ventar eg at dei faktisk gjer det dei skal for å følgje opp, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV).

LES OGSÅ: Mobbemanifest – berre til pynt?

Tidlegare i år vart Kristiansand kommune dømt i Høgsterett til å betale over 900.000 kroner i erstatning til eit mobbeoffer. Det er første gongen ein kommune blir stilt til ansvar for mobbing i skulen.

– Mange kommunar fekk seg ein skikkeleg støkk da Kristiansand kommune faktisk tapte i Høgsterett. Derfor har dei vorte meir merksame på dette problemet, seier Halvorsen.

Direktoratet har ført tilsyn med 146 kommunar og alle dei 19 fylkeskommunane. Til saman har 316 grunnskular og 48 vidaregåande skular vore kontrollert. Om lag 20 prosent av kontrollspørsmåla i tilsynet har ført til pålegg. På landsbasis har kvar skule i gjennomsnitt fått 2,6 pålegg, og 94,5 prosent av kommunane har fått pålegg om å rette opp i forholda.

LES OGSÅ: – Mobbekampanjar er bortkasta

Av dei som har vore med i undersøkinga, er det berre 9 kommunar og 49 skular som ikkje har fått pålegg om retting. (©NPK)

Kva bør skulane gjera for å hindra at elevar blir mobba?