Mobbemanifest – berre til pynt?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mobbe- manifest – berre til pynt?

– Me skal ha nulltoleranse for mobbing. Er det ein som blir mobba, så er det ein for mykje, seier oppvekstsjef Sigrund Kleppa. Her frå skulegarden på Sand.

Suldal kommune forplikta seg til å jobba mot mobbing då dei signerte manifestet mot mobbing i vår. Kva ekstratiltak inneber det for kommunen?

– Det betyr ikkje meir ekstratiltak enn at me viser at me har nulltoleranse for mobbing. Barnehagane og skulane skal alltid ha fokus på dette temaet. Me står saman for å førebyggja mobbing, seier oppvekstsjef Sigrund Kleppa.

– På kva måte?

– Kvar skule og barnehage har ein plan for å førebyggja mobbing. Barnehagen fokuserer på å utvikla barna sin sosiale kompetanse som førebygging av mobbing. Kleppa meiner Suldal kommune har vore opptatt av å skapa eit godt læringsmiljø i mange år. Det blir derfor ikkje satt inn nye tiltak. Kommunen held fram med mobbearbeidet sitt slik som tidlegare.

KOMMENTAR: Gulrøter eller spanskrøyr til mobbarane?

– Gjennom signering av manifestet, synleggjer me dette arbeidet.

Ifølgje Kleppa bevisstgjer ein fleire når manifestet blir signert både av FAU, barnehage/skule og på kommunenivå.

– På denne måten får ein tydeleggjort at heile kommunen er aktive for å førebyggja mobbing.

Har null som mål
Oppvekstsjefen meiner mobbing ikkje er noko stort problem i suldalskulen, men seier det finst elevar som blir mobba.

– Me har eit mål om nulltoleranse for mobbing, og det jobbar me fram mot, seier Kleppa som meiner fysisk aktivitet i friminutta er eit førebyggjande tiltak med tanke på at aktivitet skapar trivsel og samhald mellom elevar. Ho meiner også at rollespel er eit førebyggjande tiltak, då ein får setja fokus på mobbesituasjonar. I tillegg skal føredragshaldarar frå Barnevakten og Medietilsynet vitja kommunen.

Bevisstgjering rundt nettbruk
– Barnevakten er ein organisasjon som gir råd om barn og medier, derfor brukar me Barnevakten som eit tiltak i skulane for å hindra mobbing. Nettmobbing har vore tema på desse kveldane. Bevisstgjering av foreldre og elevar når det gjeld nettbruk er svært viktig for å hindra mobbing på nett. Marvik og Jelsa skule hadde eit slikt arrangement saman sist veke.

– Det var kjempevellukka.

Veke med ekstra fokus
I løpet av hausten er Suldal og resten av kommunane i landet oppfordra til å setja av ei felles veke der ein jobbar med mobbemanifestet.

LES OGSÅ: 99 prosent braut mobbelova

– I veke 36 blir det på landsbasis fokus på mobbing. Hovudfokuset er nettmobbing. Eg håpar å få folk frå medietilsynet, eller andre kompetente folk til å halda føredrag på skular, barnehagar og for foreldre i dette tidspunktet.

Elevundersøking
– Me er veldig bevisste på elevmiljø. Me har hatt ei elevundersøking som 5., 6., 7., og 10. klasse har gjennomført. Resultata vert vurdert på kvar skule og politikarane vert årleg informerte i eigne rapportar i samanheng med årsmeldinga.

Veit du om skular som er ekstra gode til å takla mobbing eller har du tips om skular som er dårlege til å ta tak i dette – tips oss!

LES SAKA I SULDALSPOSTEN!